Skriftlig spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:1529 (2009-2010)
Innlevert: 28.06.2010
Sendt: 28.06.2010
Besvart: 01.07.2010 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Størrelsen på ulike gebyr varierar sterkt i dei 430 kommunane vi har i Noreg. Ifølge Akershus Amtstidende den 16/3-10 er gjennomsnittleg sakshandsamingsgebyr for oppføring av einebustad kr 6 619,- medan denne tenesta i Nesodden kommune kostar kr 26 000,-. Ifølge same avis antyder plan- og bygningssjefen i Nesodden kommune at kommunen regnar inn ein timekostnad på kr 1200,- for å kome fram til størrelsen på gebyret.
Kva timesatsar meiner statsråden at kommunane kan nytte for fastsetjing av gebyr?

Begrunnelse

Dersom kommunane fritt kan setje den timekostnaden dei ønskjer seg, når sjølvkost og gebyr skal fastsetjast, vil ikkje reglane om at gebyr ikkje skal overstige sjølvkost ha nokon stor verdi. Underteikna meiner derfor at det bør fastsetjast reglar for kva timesatsar som kan nyttast og helst også kor mange timar som er akseptabelt å nytte for ulike tenester. Ber derfor om at det vert svara på om det føreligg slike retningslinjer, eventuelt om det er planer for å utarbeide slike retningslinjer.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Eg knyter svaret til den nye plan- og bygningslova, som trer i kraft 1. juli. Det er ikkje endringar når det gjeld dei tidligare reglane om gebyr i byggjesaker.
Kommunane står fritt til å ta gebyr, og kostnadene vil variere frå kommune til kommune. Storleiken på gebyra blir fastsett i gebyrregulativ som kommunane sjølv vedtek. Heimelen for slike regulativ er plan- og bygningslova § 33-1. Det følgjer av heimelen at gebyr skal ligge innafor sjølvkost. Sjølvkost inneber som utgangspunkt at sektoren ikkje skal gå med overskot og at gebyret i den einskilde saka ikkje skal gå utover kommunen sin kostnad ved å handsame den. Det er likevel fullt ut akseptabelt at kommunen nyttar gjennomsnittsutrekning når dei fastset gebyr, til dømes ved å ha faste gebyr for ein type tiltak (einebustader, garasjar el.). Dette har òg Høgsterett slått fast i ein dom frå 2004 (Rt. 2004 side 1603).
Storleiken på gebyra vil variere mellom kommunane. Dette er det ikkje noko i vegen for. Variasjonane kan ha fleire årsaker. For det fyrste kan kommunen subsidiere tiltak til dømes for å stimulere til auka byggjeverksemd. For det andre vil òg kostnadsnivået variere mellom kommunane. I nokre kommunar kor gebyra er høge, er det ofte større press på byggesakhandsaminga enn i ein del mindre kommunar utanfor pressområda. Desse kostnadene skal kommunane sjølvsagt kunne gjere godt greie for. Eg har ikkje grunnlag for å hevde at kommunar går ut over sjølvkost i sine gebyr, og eg har ikkje grunnlag for å anta at kommunane sine timeprisar er for høge.
I rundskriv H-2140 har departementet gitt ut ei rettleiing som kan nyttast ved fastsetjing av sjølvkost. Rettleiinga i rundskrivet har særleg fokus på to tema:
1) Den seier noko om kva for kostnader som er relevante å ta med i fastsetjinga av sjølvkost og 2) Korleis ein fastset kapitalkostnadar. Ved å følgje rettleiinga vil altså kommunane kunne fastsette totalkostnadane på eit einskild område som er underlagt sjølvkost.
I samband med revisjonen av plan- og bygningslova vart det vurdert om det kunne utarbeidast standardiserte satsar for gebyr. Dette ville i så fall føre til like gebyr over heile landet. Bygningslovutvalget ga uttrykk for følgjande på s. 452 i NOU 2005:12 Mer effektiv bygningslovgivning II:

"For utvalget fremstår en flytting av beslutninger om finansieringen av byggesaksbehandlingen fra kommunalt nivå (gebyrregulativ) til statlig nivå (forskrift) som en uhensiktsmessig endring, all den tid det er kommunen som skal utføre oppgavene. Metoden vil således være dårlig egnet til å sikre at selvkost inndekkes, samt nødvendiggjøre indeksregulering eller stadig forskriftsendring."

Utvalet konkluderte med å ikkje tilrå ein standardisering då dette vil gripe inn i dei vurderingane kommunane sjølv skal stå føre ved fastsetting av gebyrnivå. Eg er samd i denne vurderinga.