Gjermund Hagesæter (FrP): Ein ser oftare at norsk transportnæring tapar transportoppdrag til utanlandske transportselskap. Ifølge næringa skuldast dette at utanlandske transportørar har konkurransefordelar i høve til norsk transportbransje. Dette gjeld både kompetansekrav til næringa og økonomiske rammevilkår. Fleire transportbedrifter vurderer å flytte verksemda utanlands.
Kva vil statsråden gjere for å betre rammevilkåra for norsk transportnæring?
Begrunnelse
I avisa Nordhordland 7. august 2010 kom det fram i ein artikkel at Byrknes Auto AS vurderar å flagge ut verksemda.
Dette skuldast rammevilkåra for den norske transportnæringa i høve til utanlandske transportørar som opererar på den norske marknaden.
Dette er ikkje noko enkeltståande døme for dei som driv transportverksemd på land.
Ein ser og at transportselskap som driv frakt på sjø vel å flagge ut for å betre rammevilkåra for verksemda.
Ifølge transportbransjen, har ikkje utanlandske transportørar tilsvarande kostnadar knytt til verken vegavgifter, avgifter knytt til kjøp og drifting av kjøyretøy eller automatiske bomvegpasseringar i Noreg slik norske føretak har. I tillegg til høge avgifter og lønnsutgifter for transportnæringa, er det og strengare kompetansekrav til norske sjåførar og til norskregistrerte køyretøy enn det er for utanlandske.
Dette er med på å skape ei konkurransevriding og eit fortrinn for utanlandske transportørar når det gjeld å skaffe seg transportoppdrag i Noreg. Dei fleste transportverksemdene driv med små marginar allereie frå før.
Det vert stilt spørsmål om korleis den sittande regjeringa vil betre rammevilkåra for den norske transportnæringa for å motverke utflagging og sikre arbeidsplassar i Noreg.