Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:1659 (2009-2010)
Innlevert: 02.09.2010
Sendt: 03.09.2010
Besvart: 10.09.2010 av helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Vi er kjend med at Helse Førde har starta nedtrappinga av ortopedien ved sjukehuset på Nordfjordeid. Det er no redusert aktivitet fordi dei har lagt ned eit kirurgiteam. Nedtrappingsplanen som Helse Førde har vedteke er ikkje godkjent av styret i Helse Vest.
Vil statsråden instruere Helse Vest til å stoppe nedbemanninga ved ortopedisk avdeling ved sjukehuset på Nordfjordeid?

Anne-Grete Strøm-Erichsen (A)

Svar

Anne-Grete Strøm-Erichsen: Som representanten er kjend med vedtok styret i Helse Førde strategiplanen ”Helse Førde 2020” i juni i år. Helse Vest RHF har informert meg om at Helse Førde sin strategiplan skal leggast fram for styret i Helse Vest hausten 2010. Helse Førde HF avventar såleis endeleg styrevedtak i Helse Vest RHF når det gjeld modellval for ny sjukehusstruktur.

Helse Vest viser til at Helse Førde gjer løpande tilpassingar i verksemda. Endringa ved Nordfjord sjukehus er gjort for å effektivisere drifta ved å betre føresetnadane for ei god planlegging av operasjonar. Helse Vest RHF viser til at tilbodet til pasientane vert halde ved lag.

Regjeringa har kome med klare utsegn i saka om strategiplan for Helse Førde HF. Ingen lokalsjukehus skal leggjast ned og det skal framleis være sjukehus på alle dei tre stadene det er sjukehus i Sogn og Fjordane i dag; Førde, Nordfjordeid og Lærdal, og eg forventar at styret i Helse Vest RHF har fanga opp dei politiske signala som er gitt frå regjeringa si side og mi side i samanheng med lokalsjukehusa.