Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til fornyings-, administrasjons- og kirkeministeren

Dokument nr. 15:24 (2010-2011)
Innlevert: 04.10.2010
Sendt: 05.10.2010
Besvart: 13.10.2010 av fornyings-, administrasjons- og kirkeminister Rigmor Aasrud

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Riksrevisjonen har avdekka feil og manglar ved statlege innkjøpsordningar.
Vil statsråden ta initiativ til ein fullstendig gjennomgang av innkjøpsrutinane til alle statlege instansar og presentere en oversikt til Stortinget som viser om Direktoratet for forvaltning og IKT har rett når dei påpeikar at mange offentlege innkjøp ikkje stemmer overens med lovverket for offentlege innkjøp?

Begrunnelse

Eg viser til tidlegare presseoppslag om Riksrevisjonens kritikk av innkjøpsrutinane ved Universitetet i Oslo. kor det vart avdekka feil og manglar ved tre av ti innkjøp over 100 000 kroner. Blant dei alvorligaste merknadane er millionkjøp som er føretekne utan konkurranse, blant anna kjemikaliekjøp for 5 mill. kr. og ei tiårskontrakt verd 1,5 mill kr. for kjøp av grafiske tenester. Eg merkar meg at seniorrådgjevar Jacob Landsvik i avdeling for offentlege anskaffingar i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) antar at besparelsepotensiale til Universitetet i Oslo i forhold til innkjøp ligg mellom fem og ti prosent, noko som for nemnde institusjon skulle medføre innsparingar på mellom 100 kr. og 200 mill. kr. Det vert gjort store innkjøp av offentlege instansar kvart einaste år, og eg har merka meg at Difi uttalar at man reknar med at 3-5 prosent av offentlege innkjøp ikkje går til å dekke reelle behov.

Rigmor Aasrud (A)

Svar

Rigmor Aasrud: Stortingsmelding nr. 36 (2008-2009), Det gode innkjøp, blei behandla av Stortinget den 16. juni 2009. I meldinga så ein nærare på årsaker til brot på regelverket om offentlege innkjøp. Ein var særleg merksam på tre område som ga grunn til vidare oppfølging. Det var leiarforankring, organisering og kompetanse. I tråd med dette lanserte meldinga fleire tiltak for å bidra til at leiarar tek større ansvar for innkjøpsprosessen, at innkjøpsaktivitetane blir organisert betre og at kompetanse om innkjøpsprosessane blir auka på alle nivå innan verksemdene. Regjeringa er godt i gang med å følgje opp ei rekke av tiltaka som er skissert i meldinga.

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) er ein viktig brikke i dette arbeidet. Difi skal være ein pådrivar for at det offentlege følgjer regelverket om offentlege innkjøp. Dei arbeider med å spreie informasjon om regelverket gjennom nettsida si, anskaffelser.no, og gjennom kurs, prosjekt og foredrag. Innsatsområda er leiarforankring og organisering av innkjøpsarbeidet, betre innkjøparar i offentlege verksemder og betre prosessar og støtteverktøy i innkjøpsprosessen. Det blir blant anna gjort ein god del på e-handelsområdet. Auka bruk av elektronisk handel skal føre til færre feil, betre kontroll og enklare sporing gjennom elektroniske og transparente prosessar. Tilrettelegging for etterleving av regelverk, som er innarbeidd i arbeidsprosessane, skal gje sikrare innkjøp.

For å styrke handhevinga av offentlege innkjøp, har EU vedteke eit nytt direktiv om handheving av reglane om offentlege innkjøp. Departementet arbeider nå med å gjennomføre direktivet i norsk rett. Formålet med dei nye reglane er auka etterleving av innkjøpsreglane, blant anna ved å betre høvet leverandørane har til å gripe inn før offentlege kontraktar blir inngått. Dei nye reglane har særleg fokus på handheving av ulovlege direkte innkjøp. Eit betre handhevingssystem blir forventa å bidra til færre brot på regelverket.

Når det gjeld effektivisering av offentlege innkjøp og innsparingspotensialet, har departementet gitt Difi i oppgåve å gjennomføre ein analyse av samordning av offentlege innkjøp. Analysen vil omhandle effektar samordning av innkjøp har både på pris og kvalitet til produkta, men også ressursbruk og forbetring av innkjøpsprosessar. Konsekvensar for marknaden skal òg vurderast. På bakgrunn av ei slik utgreiing vil regjeringa vurdere organisatoriske tiltak for auka samordning, noko som kan gje store innsparingar på innkjøpsområdet.

Det er naturleg å konsentrere seg om gjennomføringa av desse tiltaka, og la dei få tid til å virke, før eg eventuelt vurderar behov for ytterligare tiltak eller utgreiingar for å sikre betre etterleving av regelverket for offentleg innkjøp. Eg ser derfor ingen grunn til å setje i gang ytterligare tiltak eller utgreiingar nå.