Skriftlig spørsmål fra Oskar J. Grimstad (FrP) til miljø- og utviklingsministeren

Dokument nr. 15:30 (2010-2011)
Innlevert: 05.10.2010
Sendt: 06.10.2010
Besvart: 11.10.2010 av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Oskar J. Grimstad (FrP)

Spørsmål

Oskar J. Grimstad (FrP): Etter at alle instansar har godkjent ein kommuneplan og dei enkelte funksjonar og arealfunksjonar er bestemt, kan da andre offentleg instansar i ettertid overprøve denne godkjente juridiske førande planen?

Begrunnelse

Arbeidet med kommuneplanar er ofte særs omfattande med lokale høyringar og bidrag frå lokalsamfunn og frivillige organisasjonar. Desse planane bidreg ofte til mykje merksemd og utfordringar og er svært arbeidskrevjande for kommunane. Denne omfattande planprosessen omfattar som kjent også regionale styresmakter og gjennom dialog kjem ein fram til eit omforent dokument som er meint til å vere styringsdokumentet for lokaldemokratiet. Likevel opplever ein i ettertid eksempel på at sentrumsdefinisjon blir overprøvd trass godkjent plan. Dette trass at lokaldemokratiets fleirtal ønskjer opprinelig plan håndhevd.

Erik Solheim (SV)

Svar

Erik Solheim: Etter plan- og bygningslova skal alle kommunar ha ein samla kommuneplan som omfattar ein samfunnsdel med handlingsdel og ein arealdel. Det kan også utarbeidast arealplanar for delar av kommunen sitt område.
Kommuneplanen sin arealdel fastsett framtidig arealbruk for området, og er ved kommunestyret sitt vedtak i utgangspunktet rettsleg bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak. Unnataket er der det er reist motsegn mot planen, slik at den må sendast Miljøverndepartementet for endeleg godkjenning.
Ein kommuneplan vert, som og peika på av representanten Grimstad, til ved ein grundig og omfattande prosess, der både lokale, regionale og nasjonale interesser skal ivaretakast.
Når ein kommuneplan er endeleg godkjend er det ein føresetnad at den skal leggast til grunn for vidare planlegging og utbygging i området, og gjelde for alle myndigheiter. Andre offentlege instansar kan såleis ikkje utan vidare gå i mot ein reguleringsplan eller byggjetiltak som er i samsvar med kommuneplanen.
Plan- og bygningslova legg opp til at kommunane skal ta sine arealplanar opp til regelmessig vurdering og eventuell endring. Dersom kommunen ikkje gjer dette, og
det kjem ny kunnskap om eit område t.d. knytt til fare eller risiko, regelendringar eller nye overordna føringar, vil dette kunne gi grunnlag for at myndigheiter fremmer motsegn sjølv om tiltaket eller planen er i tråd med kommuneplanen. Dette kan til dømes vere aktuelt ved endringar i strandsonepolitikken, kjøpesenterpolitikken, jordvernpolitikken og liknande. Som hovudregel vil altså ein ny kommuneplan i tråd med gjeldande nasjonal politikk stå sterkare enn ein gamal plan.