Skriftlig spørsmål fra Jon Georg Dale (FrP) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:40 (2010-2011)
Innlevert: 06.10.2010
Sendt: 07.10.2010
Besvart: 14.10.2010 av helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

Jon Georg Dale (FrP)

Spørsmål

Jon Georg Dale (FrP): Kan statsråden garantere at regjeringa vil sikre at helseforetaka faktisk vert pålagt å vurdere det totale helsetilbodet til innbyggarane på tvers av føretaksgrenser, og vil vidare statsråden syte for at den akuttmedisinske beredskapen vert sikra ved dagens lokalsjukehus?

Begrunnelse

Til tross for regjeringa sine lovnader om at ingen lokalsjukehus skal leggast ned, held helseforetaka fram med si nedbygging av tenester ved lokalsjukehusa. Endringar i lokalsjukehusa er openbart politisk forankra ettersom regjeringa har kjent til dette arbeidet i lang tid utan å gjere noko forsøk på å stoppe desse prosessane. Nedlegginga av viktige funksjonar truar kjensla av tryggleik for innbyggarane i store deler av landet. Desse utfordringane er særskilt store i områder der dei regionale helseforetaka har sine yttergrenser. Eit døme på dette er situasjonen mellom Nordfjord sjukehus som høyrer til Helse vest og Volda sjukehus som høyrer til Helse midt. Begge desse sjukehusa er framleis i fare for at viktige funksjonar som akutt og fødetilbod vert sentralisert vekk frå begge sjukehusa. Dette kan medføre at store deler av befolkninga vert utan eit godt nok tilbod for naudsynt helsehjelp. Dette er også eit område der ambulansar anten det gjeld bil eller helikopter ofte har store utfordringar, grunna klimatiske og geografiske utfordringar. Ettersom eg dessverre har registert at statsråden ikkje vil garantere for tilbodet ved lokalsjukehusa på generelt grunnlag, vil eg gjerne ha statsråden si vurdering av situasjonen knytt til grenseproblematikken mellom helseforetaka.

Anne-Grete Strøm-Erichsen (A)

Svar

Anne-Grete Strøm-Erichsen: Ei god helseteneste handlar om god kvalitet og trygge tenester. Regjeringas politikk er klar: Ingen lokalsjukehus skal leggast ned. I nokre tilfeller vil det verta bygd nye sjukehus som erstattar gamle som ligg i nærleiken. Eit døme på dette er Østfold. Akuttfunksjonar og fødetilbod skal vera nær der folk bur, sjølv om slike tilbod ikkje vil finnast ved alle sjukehusa. Vi må fortsetta arbeidet for ei betre arbeidsdeling mellom sjukehusa. Det betyr at nokre sjukehus i framtida skal ha andre oppgåver enn i dag. Det skal framleis være sjukehus i Førde, Nordfjordeid, Lærdal og i Volda.

I samband med oppfølginga av St. meld. nr 12 (2008-2009) En gledelig begivenhet blei dei regionale helseforetaka bede om å legga fram fleirårige heilskaplege planar for svangerskap-, føde- og barselomsorgen. Planane skal sikra kapasitet i forhold til fødetal og vere i samsvar med utvikling av akuttilbod ved lokalsjukehus. Regjeringa er oppteken av at planane skal vere godt forankra, og at dei er i samsvar med Regjeringa si politikk. Dei regionale helseforetaka er bedne om at det vert lagt til rette for lokale prosesser som sikrar god lokal forankring ved utarbeiding av regionale planar. Det er difor viktig at dei lokale prosessane har brei deltaking frå både brukarane og dei tilsette sine representantar og frå lokale politiske myndigheiter. St. meld. nr 12 (2008-2009) gjev ei rekkje føringar for innhaldet i dei regionale planane. Etter å ha motteke rapportar om enkelte forseinkingar i lokale prosessar har departementet vald å utsetje fristen til 15. november 2010.

Eg legg til grunn at dei regionale helseforetaka også bør samordne verksemda i geografiske grenseområde mellom helseregionar der det er naturlig, og at dette vert gjort i tråd med dei politiske signal som er gitt.

Eg kan trygga representanten om at eg føl dei lokale prosessane tett og at eg er særskilt merksam på problemstillinga knytta til helsetenester i grensestroka mellom dei regionale helseforetaka.