Skriftlig spørsmål fra Jon Georg Dale (FrP) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:41 (2010-2011)
Innlevert: 06.10.2010
Sendt: 07.10.2010
Besvart: 22.10.2010 av fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen

Jon Georg Dale (FrP)

Spørsmål

Jon Georg Dale (FrP): Kva vil statsråden gjere for å sikre at kommunane får større incentiv for å sikre rask og god tilrettelegging for ei av landets fremste næringar?

Begrunnelse

Oppdrettsnæringa er ei av landets aller viktigaste næringar. Likevel er det slik at det ved nyetablering av lokalitet eller ved utviding av maksimalt tillaten biomasse er det ofte protestar lokalt. Dette gjeld særskilt i områder der det alt er mange oppdrettsanlegg etablert, noko som ofte heng saman med at fjordsystemet er godt eigna for oppdrett.
Realiteten er likevel at sjølv om oppdrettnæringar er av stor verdi for Noreg som nasjon har kommunane for lite att for å legge til rette for oppdrettsnæringa. Kommunane er det forvaltningsnivået som har minst att for å legge til rette for denne næringa, på tross av at dei har både ansvar for regulering av område og andre oppgåver i tilknyting til søknad om etablering i eiga kommune. Underteikna trur at det hadde vore teneleg at kommunane hadde meir att for å legge til rette for oppdrettsnæringa, gjennom eksempelvis at kommunen fekk tildelt ein stor del av innbetalinga ved kjøp av oppdrettskonsesjonar, eller ved at kommunane fekk tilbakeført selskapsskatten. Dette ville sikre både større satsing frå kommunane, og det ville bidra til å sikre næringa gode vilkår.

Lisbeth Berg-Hansen (A)

Svar

Lisbeth Berg-Hansen: Av omsyn til blant anna miljøet og næringa si konkurransekraft, er det av stor verdi at oppdrettsnæringa har tilgang på gode lokalitetar. Akvakulturlova slår fast at det ikkje kan tildelast løyve til oppdrett i strid med kommunale arealplanar eller vernetiltak som er vedtekne. Kommunen har gjennom arbeidet med bindande kystsoneplanar såleis ei hovudrolle i kystsona.

Det er viktig at næringa sjølv gjer sitt for at det blir attraktivt for kommunane å leggje til rette for havbruk. Ein miljømessig berekraftig produksjon kan bidra til å gje næringa betre omdømme, og skape legitimitet i lokalsamfunna. Eg møter mange ordførarar som er frustrerte over at så lite av verdiane som havbruksnæringa skaper, kjem lokalsamfunna til gode. For at kommunar og lokalsamfunn skal stille areal til disposisjon og leggje til rette for oppdrettsverksemd, meiner dei at ein større del av verdiane som blir skapt, må kome kystsamfunna til gode. Dette vil også tene havbruksnæringa ved at ein byggjer opp støtte for vidare vekst hos lokalsamfunn og politikarar.

Eg ønskjer å leggje til rette for at Noreg skal ha ei lønnsam og innovativ sjømatnæring. Samtidig ønskjer eg å leggje til rette for at mest mogeleg av verdiane som blir skapt langs kysten kjem kystsamfunna til gode. Auka lokal bearbeiding og innkjøp frå lokale leverandørar er viktige stikkord. Eg har derfor invitert til eit breitt samarbeid mellom styresmakter og næring, blant anna gjennom prosjektet Samarbeid for arbeid, slik at vi kan bruke våre samla ressursar til å vidareutvikle den norske sjømatnæringa til det beste for kysten.

I samband med forvaltningsreforma har fylkeskommunane frå 2010 teke over deler av ansvaret for sakshandsaming av havbrukssøknader, og har på havbruksområdet fått ansvar for å fremje innsigelsar i kommunane sine planprosessar. Fylkeskommunane si nye rolle legg til rette for eit ytterlegare forbetra samspel med vertskommunane.

Regjeringa la i statsbudsjettet for 2009 fram forslag om å gi kommunane høve til å skrive ut eigedomsskatt på flytande oppdrettsanlegg i sjø.

I 2009 blei det lyst ut 65 nye løyve til havbruk med laks, aure og regnbogeaure. Vederlaget var i Finnmark sett til 3 mill. kroner og i resten av landet 8 mill. kroner. I samband med tildelinga av nye løyve, ble det løyvde 3 mill. kroner per løyve til aktuelle fylkeskommunar. Midlane blei løyvde som frie midlar.

Fiskeri- og kystdepartementet sette hausten 2009 ned eit utval som skal sjå på korleis vi kan utnytte tilgjengelege areal til havbruk på ein mest mogeleg effektiv måte. Effektiv bruk av areal skal gi grunnlag for effektiv produksjon innanfor eit avgrensa geografisk område utan at det gir uakseptabel negativ påverknad på miljøet. Utvalet, som blir leia av tidlegare fiskeridirektør Peter Gullestad, skal levere sin rapport i februar 2011.