Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:192 (2010-2011)
Innlevert: 28.10.2010
Sendt: 29.10.2010
Rette vedkommende: Justisministeren
Besvart: 04.11.2010 av justisminister Knut Storberget

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Vi registrerar at påtalemyndigheitene ikkje følgjer opp politianmdeldelsar mot dei som har vore aktørane i Terra-skandalen. Dette gjeld både byråkratiske og politiske aktørar. Signaleffekten er at det er fritt fram å forvalte offentlege midlar på ein slik måte at innbyggjarane vert skadelidande.
Meinar statsråden at lovverket er godt nok når påtalemyndigheitene ikkje kan straffeforfølgje byråkratar og politikarar som iflg. Terra-skandalen har brote kommunelova?

Knut Storberget (A)

Svar

Knut Storberget: Spørsmålet har blitt overført frå kommunal- og regionalministeren til meg ettersom Justisdepartementet har ansvar for den alminnelege straffelovgivinga.

Eg vil først presisere at eg ikkje kan uttale meg om konkrete politimeldingar og politiet si handsaming av desse. Som kjent er påtalemakta uavhengig i sine påtaleavgjerder og riksadvokaten har det øvste ansvaret for desse avgjerdene. Spørsmålet inneheld dessutan enkelte slutningar som eg ikkje kjenner heile grunnlaget for og ikkje utan vidare kan slutte meg til.

Eg finn det naturleg å gjere greie for mulege strafferettslege sanksjonar mot handlingane til offentleg tilsette og folkevalde. Har slike personar handla uforstandig må dette vurderast opp mot straffeloven 1902 §§ 324 og 325 om misferd i offentleg teneste. Ved vurderinga av om eit av desse straffeboda er brote kan brot på plikter som følgjer av kommuneloven vere relevant. Paragraf 324 rammer mellom anna ein offentleg tenestemann som forsettleg bryt sine tenesteplikter. Kva som er tenesteplikter må vurderast konkret i høve til kva for stilling eller verv det er tale om. Paragraf 325 rammer grov uforstand i tenesta. Dette straffebodet gjeld ikkje for såkalla ombodsmenn, det vil seie offentleg tillitsvalde. Den nye straffeloven, straffeloven 2005, inneheld nye og meir generelle føresegner om tenestefeil som rammer alle former for forsømmingar ved utøving av offentleg myndigheit.

Stortinget har vurdert det slik at behovet for å kunne straffe offentleg tilsette og tillitsvalde for ulovlege økonomiske disposisjonar er tilstrekkeleg ivareteke gjennom dei alminnelige straffeboda. Straffelovgivinga har ei lang rekke føresegner som retter seg mot økonomisk kriminalitet, blant desse straffeboda mot underslag, utroskap og korrupsjon. Felles for dei nemnde straffeboda er at dei stort sett berre rammer forsettlege handlingar og anten krev vinnings hensikt eller involverer ein utilbørleg fordel. Eg finn det ikkje naturleg å gå inn på ei lengre utgreiing her, men eg vil peike på at det generelt ikkje vil vere uproblematisk å heimle straff av offentleg tilsette og tillitsvalde også for disposisjonar av økonomisk art som ikkje er motiverte ut frå ønske om vinning eller utilbørlege fordelar. Ein må i denne samanheng også sjå hen til at for offentlege tenestemenn vil forsømmingar kunne vere brot på tilsettingsavtalen. Desse kan møtast med privatrettslige sanksjonar, ikkje minst oppseiing men også erstatningsansvar, sjå også tenestemannsloven §§ 14 og 15 om ordensstraff og avskjed. For tillitsvalde er veljarane sin dom sentral og det er innbyggjarane i dei kommunane som er ramma som ved val tek stilling til den politiske handsaminga. Eg er ut frå dette skeptisk til å auke bruken av straff for klanderverdige handlingar gjort av offentlege tenestemenn og tillitsvalde dersom handlinga elles ikkje er straffbar.

Eg vil til slutt nemne at sjølv om kommuneloven ikkje inneheld noko eiga straffeføresegn og sjølv om eitkvart brot på kommuneloven ikkje utan vidare kan straffast, så har reglane ein førebyggande funksjon ved blant anna å sette krav til kommunane si økonomi- og finansforvaltning. I tillegg kjem fylkesmannen sin kontroll. Saman med straffeføresegnene i straffeloven, dei privatrettslige sanksjonane, og regelverket for offentlege innkjøp så inneber det at det at det etter mi vurdering ikkje er fritt fram for uforstandig forvaltning av offentlege midlar.