Skriftlig spørsmål fra Jacob Nødseth (H) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:202 (2010-2011)
Innlevert: 29.10.2010
Sendt: 29.10.2010
Besvart: 05.11.2010 av helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

Jacob Nødseth (H)

Spørsmål

Jacob Nødseth (H): Det er brei politisk semje i Sogn og Fjordane om at det er viktig å sikre eit sterkt sentralsjukehus i Førde.
Kva meiner helseministeren er eit minimumsinnhald og grunnlag for eit sterkt sentralsjukehus?

Begrunnelse

Som statsråden er godt kjent med er det ein omfram og intens debatt om ulike sider ved sjukehusdrifta i Sogn og Fjordane. Debatten dreier seg i hovudsak om lokalsjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal. Intensjonen med dette spørsmålet er å fokusere på noko som sjeldan har fokus; nemleg dei spesialiserte fylkesfunksjonane som ligg til sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane, lokalisert i Førde.
Høgre er oppteken av å ha ei spesialisthelseteneste som folk i Sogn og Fjordane har tillit til. Det er mange faktorar som vil påverke dette tillitsforholdet, og det er nokre område som vil vere avgjerande for om pasientane og folk flest vil oppleve tenestene som trygge.
Eg tør påstå at det er tverrpolitisk semje på alle politiske nivå om at folk i Sogn og Fjordane vil ha behov for at:

- dei får rask hjelp ved akutt sjukdom
- helsepersonellet har høg kompetanse innan sitt fagfelt
- behandlinga er moderne og av høg kvalitet
- pasientane ikkje vert påført skade under behandlinga
- pasientane ikkje må vente for lenge på planlagt behandling
- det er relativt kort veg til behandling som pasientane må
gjennomføre ofte
- dei får opplæring og informasjon og deltek i eiga behandling som
likeverdige partar
- dei får rask og god opptrening og rehabilitering etter sjukdom
- helsetenestene er samanhengande og uavhengig av nivå og fylkes- og
kommunegrenser

I samband med strategiprosessen til Helse Førde var det stort politisk engasjement, noko som i utgangspunktet er eit godt teikn, og det er semje i alle partilag om at ein også skal satse på eit ”sterkt sentralsjukehus”. Det synast derimot meir uklårt kva ein legg i omgrepet ”sterkt sentralsjukehus”.
Helse Førde er ein av dei største utdanningsinstitusjonane i fylket. I føretaket er det tilsett nær 200 ulike yrkesgrupper. Kvart år har dei om lag 500 personar i og innom føretaket i ei eller anna form for utdanning. Det meste av denne utdanninga føregår ved den største institusjonen, Førde sentralsjukehus, og kommunane er avhengige av denne kompetansen for å møte ein rekkje utfordringar som dei står ovanfor når det gjeld å sikre rekruttering m.v.
Dersom ein ikkje sikrar eit robust fagleg miljø ved Førde sentralsjukehus vil fleire pasientgrupper stå i fare for å måtte reise ut av fylket for behandling, slik situasjonen var for fleire tiår sidan, utan at ein kjenner til at det står ledig kapasitet klar. Mange av dei pasientgruppene det gjeld er kronikarar, og gjerne også eldre menneske, som er særleg sårbare.

Anne-Grete Strøm-Erichsen (A)

Svar

Anne-Grete Strøm-Erichsen: Regjeringa er klar på at vi skal oppretthalde det desentraliserte sjukehustilbodet vi har i landet i dag. Dette er slått fast i regjeringsplattforma, og går i tillegg fram av høyringsutkast til nasjonal helse- og omsorgsplan. I dette utkastet, som vi skal leggje fram for Stortinget i form av ei stortingsmelding til våren, har vi lagt særleg vekt på at det er viktig å sikre nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod, og at ingen lokalsjukehus skal bli lagt ned. Dette inneber at ein skal ha eit lokalsjukehus både i Lærdal og på Nordfjordeid.

Lokalssjukehusa vil mellom anna spele ei viktig rolle for å møte dei store utfordringane vi står overfor med ein større del eldre innbyggjarar og fleire pasientar med kroniske sjukdomar og livsstilssjukdomar. Dette vil kunne krevje endringar i tenestetilbodet i det enkelte sjukehus.

Det har, etter kva eg har oppfatta, vore brei semje om at ein ynskjer at sjukehuset i Førde òg i framtida skal ha eit meir spesialisert tilbod. Dette synes for meg å vere noko av dilemmaet i saka om framtidig organisering av tilbodet i Helse Førde HF. På den eine sida ynskjer ein eit sterkt sentralsjukehus i Førde, og på den andre sida ynskjer ein å oppretthalde relativt omfattande tilbod i Lærdal og på Nordfjordeid. Utfordringa er å få til ein balanse mellom desse to omsyna, samstundes som ein utviklar eit kvalitativt godt tilbod og ein berekraftig økonomisk organisasjonsmodell.

Det er Helse Vest RHF som har ansvaret for å sørgje for ein heilskapleg plan for spesialisthelsetenesta i regionen, òg i Sogn og Fjordane. Dei må ta stilling til kva som er eit forsvarleg tilbod til befolkninga i fylket. Framtidig organisering av sjukehustilbodet i Sogn og Fjordane skal behandlast i Helse Vest RHF i samband med ein heilskapeleg strategi for helseregionen. Det er venta at det regionale helseføretaket gjer vedtak i desember 2010.