Skriftlig spørsmål fra Torstein Rudihagen (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:336 (2010-2011)
Innlevert: 19.11.2010
Sendt: 19.11.2010
Besvart: 01.12.2010 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Torstein Rudihagen (A)

Spørsmål

Torstein Rudihagen (A): Vi får fleir henvendingar frå folk som ikkje lenger vil få levert posten der dei bor. På Vingrom i Lillehammer er det innbyggarar som har fått 3,7 km til postkassen. Det er folk med sviktande helse, dei disponerar ikkje bil og brukar ikkje internett. I Sjodalen i Vågå blir gjeldande postomdeling for påske og sommarsesongen stoppa. I sommarsesongen er det m.a. 12 verksemder som er avhengige av ei god postomdeling her.
Vil statsråden foreslå å endre konsesjonsvilkåra eller anna for å få ein betre postomdeling i distrikta?

Begrunnelse

Bakgrunnen for at Vingrom er nemnt er at det her er innbyggjarar som har sviktande helse, ikkje disponerar bil og dermed har avgrensa mogelegheit for å henta posten ved eigen hjelp. Dei bor i sine barndomsheimar og det kan umogeleg vera meining i at folk må flytte for å kunne ta del i samfunnet vårt.
Dette er ein generasjon som heller ikkje bruker internett på same måte som dagens oppveksande generasjon, og dermed gradvis blir utestengt.
I eit brev frå Posten Norge AS av 20.08.10 til næringsdrivande i Sjodalen i Vågå, der dei blir informert om at den innarbeidde og gjeldande postomdelinga for påske og sommarsesongen skal opphøyre frå og med 2011. Sjodalen blir i brevet definert som hytteområde.
Det er fleire fastbuande i Sjodalen. I påskesesongen er det 11 verksemder og i sommarsesongen er det 12 verksemder som er avhengig av ei god og framtidsretta postomdeling. Det blir for dei fleste meir enn ein times bilkøyring å hente posten på Randsverk der den nå skal leverast. To verksemder er i tillegg avhengige av å samordne med rutetidene til Gjendebåten. Store delar av dagen vil for desse verksemdene gå med til posthenting, om leveringa blir flytta til Randsverk. I dag blir posten levert til Gjendebåten som tek posten med til desse verksemdene.
Det harmonerer ikkje når Statens vegvesen gjennom Nasjonale turistvegar vil opparbeide eit ikonpunkt ved Gjendeosen til nærare 100 million kroner og Innovasjon Norge og andre offentlege aktørar yter årleg store bidrag til verksemdene i Sjodalen samtidig som Posten vil stoppe leveringa.
Desse tilfella som eg er nemner, er ikkje unike, men er døme på ein etter mitt syn, feil utvikling.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Alle som bur i Noreg skal ha gode posttenester der dei bur. Dette inneber mellom anna inn- og utlevering av postsendingar seks dagar i veka og tilgang til Posten sitt ekspedisjonsnett (postkontor, post i butikk eller landpostrute).
Posten har undersøkt dei sakene som vert tekne opp i spørsmålet. Posten held seg til gjeldande krav om plassering av postkasser i konsesjonen. Postmottakarar med varige eller mellombelse funksjonshemmingar og som ikkje er i stand til å henta posten sin sjølve, vil kunna få levert posten ved døra etter reglane i konsesjonen.
Erfaringane frå handsaminga av gjeldande regelverk vil verta tatt med når eg skal leggja fram forslag til ny postlov for Stortinget. Krava til postkasseplassering vil verta vurdert i samband med arbeidet med ein ny konsesjon til Posten Norge AS.