Skriftlig spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:721 (2010-2011)
Innlevert: 20.01.2011
Sendt: 20.01.2011
Besvart: 02.02.2011 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Nye tal frå SSB syner at ved å redusere talet frå 430 kommunar til 90 kommunar så vil ein frigjere heile 6,3 milliardar kroner pr år. Dette er midlar som i staden for å sløse bort i dyrt byråkrati kan nyttast til betre og meir tenester for innbyggjarane i kommune-Noreg.
Har kommunalministeren tru på desse berekningane frå SSB om at milliardar kan frigjerast dersom ein får større og meir robuste kommunar?

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: På oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet utførte SSB i 2002 (Langørgen, Aaberge og Åserud: Kostnadsbesparelser ved sammenslåing av kommuner”, RAPP 2002/15) ein analyse av økonomiske konsekvensar av ulike samanslåingsalternativ. I eit teoretisk alternativ der ingen kommunar ville ha færre enn 5 000 innbyggjarar, blei det anslått at det ville vere mogeleg å spare 2,7 mrd. kroner årleg på å halvere mengda kommunar. Eit meir omfattande alternativ var ei samanslåing til 90 kommunar, som teoretisk kunne gi ei årleg innsparing på 4,1 mrd. kroner.
SSB har no oppdatert tala basert på ein forenkla modell av den som låg til grunn for rapporten i 2002. SSB har teke utgangspunkt i verdien til basiskriteriet i inntektssystemet, og rekna ut kva det ville utgjere å kutte denne for halvparten av kommunane i landet. I følgje SSB ville dette utgjere 4,2 mrd. kroner. Tilsvarande har dei rekna ut at det vil utgjere 6,3 mrd. kroner å kutte talet kommunar til 90. Basiskriteriet fangar opp smådriftsulemper knytt til kommunestorleik, og gjennom dette kriteriet får alle kommunar eit likt beløp per innbyggjar i utgiftsutjamninga i inntektssystemet. I modellen til SSB er basiskriteriet gitt ein høgare verdi enn i kostnadsnøklane i inntektssystemet. Dei kjem difor truleg ut med eit høgare tal, enn om ein hadde lagt desse til grunn. Departementet har ikkje fullstendig oversikt over kva SSB har lagt til grunn i berekninga, og kan difor ikkje gå nærare inn i talgrunnlaget eller vurdere kor godt overslaget er.
Eg meiner likevel at det blir for snevert å redusere diskusjonen om kor mange kommunar vi skal ha, til ein teoretisk diskusjon om kor mykje pengar ein kan spare ved å kutte i talet på kommunar. For det fyrste vil slike berekningar alltid vere overslag som er basert på ei rekkje føresetnader. For det andre er det i ein slik debatt ei rekkje omsyn å ta som ikkje let seg talfeste.
Noreg er eit langstrekt land med variert geografi. I mange små kommunar er det avstandar, spreidd busetnad og smådrift som kostar pengar. Å flytte på kommunegrensene vil ikkje endre dette, så lenge folk bur der dei bur. Omfattande kommunesamanslutningar vil berre føre til at fleire innbyggjarar får lengre avstandar til tenester i kommunesentra.
Me har lukkast med å leggje til rette for fridom til å busetje seg der ein vil, og at kommunar av ulik storleik er gode samfunn for innbyggjarane sine. Ein slik politikk har det hittil vore brei politisk semje om. Det har også vore brei semje om at kommunane framleis skal vere sentrale i forvaltinga av velferdstenestene. I dag har kommunane hand om om lag 70 prosent av desse tenestene. Det sikrar nærleik til innbyggjarane, lokalpolitisk kontroll og effektiv og tilpassa oppgåveløysing. Det legg til rette for verdiskaping, gjennom god forvalting av dei ressursane naturen og menneska representerer. Det gjer det også mogeleg å realisere sine liv utanfor dei mest urbane områda.
Det inneber sjølvsagt kostnader å gi gode velferdstenester i heile landet. Det er eit politisk val denne regjeringa, og tidligare regjeringar, meiner er samfunnsøkonomisk fornuftig. Samstundes må kommunane vere budd på omstilling og endring. Dei må sjølvsagt sjå kvar dei kan spare, til dømes ved å redusere sjukefråveret og få eit meir medvete energiforbruk.
Ei sentralstyrt samanslåing vil ikkje fremje utvikling av velferd og lokaldemokrati. Mitt utgangspunkt er at det er dei folkevalde i kommunane som kjenner eigen kommune og eigne innbyggjarar best, og at dei sjølv vil vere opptekne av å finne dei beste løysingane, også når det gjeld kvar kommunegrensene skal gå.