Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:1025 (2010-2011)
Innlevert: 09.03.2011
Sendt: 09.03.2011
Besvart: 16.03.2011 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): I samband med komm.propen som vart lagt fram i 2009 vart det varsla å vurdere å gje tilskot til ressurskrevjande tenester for personar over 67 år. I statsbudsjettet for 2010 valte Regjeringa fortsatt å kun gje tilskot til personar under 67 år. Sandefjord kommune har ein brukar som er over 67 år og som pga. høg bemanning til denne brukaren har kommunen ca. 4,4 mill. kr. i lønnsutg. Kommunen får ikkje tilskot i det heile for denne brukaren.
Meiner statsråden at dette er rett, og vil statsråden endre dette?

Begrunnelse

Under Kap. 575 post 60 i Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett er det sett av midlar til toppfinansieringsordning for ressurskrevjande tenester. Tilskotet forvaltast av Helsedirektoratet.
For 2011 vil kommunane få kompensert 80% av eigne netto lønnsutgifter utover innslagspunktet på kr. 895.000,00.
Tilskotsordninga gjeld kun for personar under 67 år.
I samband med kommuneproposisjonen som vart lagt fram i mai 2009 vart det varsla at det skulle vurderast å også gje tilskot for personar over 67 år. Ein skulle kome tilbake til dette i statsbudsjettet for 2010. I statsbudsjettet for 2010 valte Regjeringa likevel å halde fram med kun å gje tilskot for personar under 67 år.
Sandefjord kommune har ein brukar som er over 67 år, og som pga. høg bemanning rundt denne eine brukaren har kommunen om lag 4,4 mill. kr. i lønnsutgifter. Til denne mottek Sandefjord kommune ikkje tilskot i det heile. Dersom brukaren hadde vore under 67 år ville kommunen motteke 2,8 mill. kr. i tilskot til denne. Dette ville gitt Sandefjord kommune ei utgift på 1,6 mill. kr. og ikkje 4,4 mill. kr., noko som også ville vore tilfelle dersom kommunane kunne fått tilskot for brukarar av denne tenesta som var over 67 år.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Ved handsaming av kommuneproposisjonen for 2008 uttalte fleirtalet i kommunal- og forvaltningskomiteen følgjande, jf. Innst. S. nr. 231 (2006-2007):

”Flertallet viser til at utgiftene som er grunnlag for utmåling av tilskuddet er knyttet til enkeltpersoner under 67 år. At personer som har særlig ressurskrevende tjenester faller helt ut av ordningen etter at de har fylt 67 år, kan etter flertallets mening ha uønskede konsekvenser. Flertallet ber derfor departementet vurdere endringer i regelverket for toppfinansieringsordningen for ressurskrevende tjenester som tar hensyn til dette.”

Omsorgstenestene i kommunane er i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene. Kommunane tar gjennom inntektssystemet midlar til mellom anna eldreomsorga gjennom dei kriteria som gjeld innbyggjarar i aldersgruppene 67-79 år, 80-89 år, over 90 år og andre. Kriteria fangar i stor grad opp variasjonane i utgiftene kommunane har i samband med tenestetilbodet til eldre.

Regjeringa viste i statsbudsjettet for 2009 til merknaden frå fleirtalet i kommunal- og forvaltningskomiteen, men konkluderte med at ein ikkje fann rom for å prioritere dette innanfor dei gjevne budsjettrammene, noko som Stortinget gav si tilslutning til.

Det er ikkje planar om å utvide ordninga til å omfatte andre aldersgrupper utover det som gjeld i dag.