Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1061 (2010-2011)
Innlevert: 15.03.2011
Sendt: 16.03.2011
Besvart: 22.03.2011 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Vegvedlikehaldet i Sogn og Fjordane førre vinter og sist vinter er ikkje tilfredsstillande. Statens vegvesen har motteke mange klager. Statens vegvesen har no inngått vedlikehaldsavtaler om vedlikehaldet på fylkesvegar og riksvegar i indre Sogn, som gjeld frå sept. 2011 til sept. 2012.
Kan statsråden garantere at brukarane av desse vegane ikkje opplever same dårleg vinterstandard komande vinter som førre år og sist vinter, og kan statsråden garantere at Statens vegvesen foretar nødvendige kontrollar?

Begrunnelse

I svaret på mitt spørsmål nr. 825, besvart av statsråden 11.02.11 går det fram at Statens vegvesen stadfestar at det i år har vore mange klager på vinterstandarden på vegane i Sogn og Fjordane.
Entreprenørane fekk problem med å fjerne issålen, og etter kvart vart mange vegar ujamne og sporete. Det er desse forholda vegvesenet i denne delen av landet har fått mest klager på denne vinteren, og klagene har iflg. svaret frå statsråden i stor grad vore rettmessige. Vegvesenet har sett at entreprenørane i mange høve har brukt for lett utstyr for å fjerne snø- og issåle frå vegane.
Iflg. statsråden sitt svar går det fram at sjølv etter gjentekne førespurnader frå Statens vegvesen og trafikantar, vart ikkje forholda betre. Etter sterkt press frå Statens vegvesen leigde til slutt entreprenørane inn motorhøvlar, og forholda vart gradvis betre.
Entreprenørane har det fulle ansvaret for at tilstanden på vegnettet er slik som fastsett i kontraktane. Statens vegvesen skal foreta systematisk stikkprøvekontrollar av driftskontraktane etter eit omfattande kontrollsystem.
Iflg. svaret frå statsråden går det fram at det i driftskontraktane er det oppgitt korleis tilhøva på vegbana skal vere under vintertilhøve, men det er ikkje krav om type utstyr i alle driftskontraktane.
Dette er etter mitt syn ikkje tilfredsstillande.
I alle driftskontraktane burde det gå klart fram at entreprenørane er pålagt å ha nødvendig og tilfredsstillande utstyr til å kunne ta seg av snø- og issåler, eller dei kan dokumentere at dei har inngått leigekontrakt med andre om tilfredsstillande utstyr.
Ved at dette er konkretisert i driftskontraktane er alle entreprenørar som gjev tilbod til Statens vegvesen på vedlikehald på vegane fullstendig klar over kva utstyr dei må stille med, og vil også då syte for at dei tek omsyn til dette i pristilbodet til Statens vegvesen. I motsatt tilfelle vil det kunne vere entreprenørar som gjev pristilbod til Statens vegvesen som ikkje tek høgde for dette i sine pristilbod. Då kan ein oppleve at utførande entreprenør vegrar seg i det lengste for å ta i bruk slikt utstyr, noko som går sterkt ut over brukarane sine køyretøy, ikkje minst dei som driv med vare- og persontransport.
Det går også fram av svaret frå statsråden at ei viktig erfaring som vegvesenet har gjort dei siste åra, er at det er nødvendig med fleire stikkprøvekontrollar. Dette har eg fått mange tilbakemeldinga om at det er også brukarane si oppfatning.
Iflg. statsråden sitt svar følgjer Samferdsledepartementet opp både nivået på vegvesenet sine kontrollar, talet på avvik og manglar og omfanget på økonomiske sanksjonar som entreprenørane har motteke. I dei kontraktane som har oppstart komande haust, er det strengare føresegner enn tidlegare.
Det er heilt nødvendig at Samferdsleministeren syter for at innhaldet og krava til vintervedlikehalde komande vinter vert slik at brukarane av vegane ikkje må nytte unødvendig store midlar til vedlikehald på sine køyretøy.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Eitt av formåla me regjeringa Bondevik si konkurranseutsetting av eigenproduksjonen til Statens vegvesen i 2003 var å redusera kostnadene til drift og vedlikehald. Utnytting av entreprenørane sin kunnskap om effektiv drift av vegnettet skulle vera med å bidra til dette. Med dette som utgangspunkt er det sett krav til korleis vegnettet skal sjå ut, ikkje til kva slags maskinar som skal nyttast.

Statens vegvesen har sett krav om at entreprenørane skal ha eit kvalitetssystem som er i samsvar med krava i internasjonale standardar. Det er også krav om at ein godkjent revisor skal stadfesta at entreprenøren sitt system er i samsvar med denne standarden og at entreprenøren sine planar er gode nok til å gjennomføra dei krava som går fram av kontrakten. Statens vegvesen har også eit internt krav om at byggjeleiar skal gå gjennom planane og forsikra seg om at desse er gode nok.

Statens vegvesen har drøfta desse problemstillingane med bransjen ved fleire høve, og det er semje om at ein i staden for krav i kontraktane til utstyr og liknande skal betra samarbeidsforholda. I driftskontraktane er det derfor stilt krav om at det skal gjennomførast samhandlingsprosessar både før oppstart av kontrakten og undervegs i kontraktsperioden. På grunnlag av erfaringar frå naboland, særleg Sverige, vil eit opplegg som inneber at partane skal samarbeida på ein avtalt og betre måte enn tidlegare, bli sett i verk for dei kontraktane som startar 1. september 2011.

Eg er svært oppteken av at dei midlane som staten og fylkeskommunane set av til drift og vegvedlikehald, blir nytta på den mest optimale måten. Med dei tiltaka som eg har gjort greie for i dette svaret og svaret av 11.02.11 på spørsmål nr. 825, meiner eg at det er lagt godt til rette for at trafikantane i Sogn og Fjordane og elles i landet vil få den vinterstandarden dei har krav på.