Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:1067 (2010-2011)
Innlevert: 15.03.2011
Sendt: 16.03.2011
Besvart: 24.03.2011 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): I Sogn og Fjordane går det no ein debatt om å organisere framtidig pleie og omsorg i såkalla helsekommunar i interkommunale selskap for å møte utfordringar i samhandlingsreforma. Erfaringar med interkommunale selskap er at dei lever sitt eige liv utan politisk styring, og er noko av det mest udemokratiske styresett vi har.
Er statsråden samd i at framtidig helse-, pleie- og omsorgstilbod vert organisert gjennom oppretting av interkommunale selskap slik at enkeltkommunane må fråskrive seg styringsretten?

Begrunnelse

Bakgrunnen for at spørsmålet vert røyst er at dei signal som er kome frå Regjeringa, når det gjeld auka oppgåver for kommunane, vil små og mellomstore kommunar ha vanskar med å løyse desse åleine.
Erfaringar med interkommunale selskap og vår statlege helseorganisering viser at desse er udemokratisk styrte, sjølv om det set politikarar i dei styrande organ.
I vårt fylke, som statsråden er godt kjent i, har vi erfaring med at når politikarar går inn i styringsromma, ligg "politikarhatten" godt planta på hylla.
Det er svært lite av det som skjer i dei forskjellige interkommunale selskapa som kjem offentlegheita for øyre. Stort sett kan dei som set i desse styra foreta politiske prioriteringar, der det politiske nivå vert fanga.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Mange kommunar løyser i dag viktige samfunnoppgåver i interkommunale einingar. Dette har vist seg å vere ei god løysing på mange områder og har gjeve innbyggjarane betre tenester frå kompetente interkommunale fagmiljø. På den måten kan vi oppretthalde dei fordelane det er med eit lokaldemokrati der innbyggjarane har nærleik til eigen kommune, samstundes som dei får gode tenestetilbod.

Når det er sagt ser eg at det kan vere demokratiske utfordringar med omfattande bruk av interkommunalt samarbeid. Det er svært viktig at kommunane tek medvitne val om korleis dei organiserer eit interkommunalt samarbeid. Sentralt i slike vurderingar er nettopp behovet/trongen for folkevald styring og kontroll. Dette vil vere avhengig av kva tenestområde det er snakk om og kor sterk grad av styring og kontroll kommunepolitikarane lokalt vil ha på dei ulike samarbeidsområda.

Før lovfestinga av vertskommunemodellen i 2007 hadde ikkje regelverket ei generell opning for samarbeid om lovpålagde oppgåver som innebar meir eller mindre grad av offentleg utøving av myndigheit. Lovendringa opna dermed for at kommunane kunne samarbeide på nye områder der det tradisjonelt ikkje fanst mykje interkommunalt samarbeid.

Det er òg viktig å merke seg at lovverket set klåre grenser for kva oppgåver kommunane kan samarbeide om i dei ulike lovfesta interkommunale samarbeidsmodellane. Skjematisk kan ein seie at dreier det seg om lovpålagde oppgåver der det blir fatta vedtak som vil vere avgjerande for folk sine rettar og plikter, set loven strenge grenser for organisering. Her må kommunane samarbeide i vertskommunemodellen i kommunelova § 28 b flg. som er ein modell som legg vekt på krava til rettstryggleik og demokratisk styring og kontroll. Er det snakk om rein drift av eit tenesteområde, eller frivillige oppgåver og forretningsdrift, er organisasjonsfridomen etter lova generelt mykje større.

Eg vil understreke at uansett omfang og organisering av interkommunalt samarbeid, er det avgjerande at kommunepolitikarane har god oversikt over dei interkommunale samarbeid dei deltek i, kva dei samarbeider om og resultata til dei ulike interkommunale einingane. Dette er svært viktig styringsinformasjon for ein lokalpolitikarar. Dei siste åra har det skjedd mykje på dette feltet i kommunane. Svært mange legg no fram eigarskapsmeldingar med informasjon kommunepolitikarane treng for å kunne ta naudsynte styringsgrep. Totalt sett utgjer interkommunalt samarbeid berre 4-5 prosent av kommunane si verksemd.

Når det gjeld interkommunalt samarbeid på dei områda som vil vere ein del av samhandlingsreforma, gjeld dei same omsyn og dei same generelle skrankane for organisering som på alle andre kommunale ansvarsområde. I høyringa til ny lov om kommunale helse- og omsorgstenester er det føreslege at kommunen kan oppfylle sitt ansvar for helse- og omsorgstenester ikkje berre ved å yte tenestene sjølve, men kommunen kan velje å inngå avtaler med andre offentlege eller private tenesteytarar. Dette inneber stor organisasjonsfridom med omsyn til sjølve tenesta, men det vil framleis vere store organisatoriske skrankar når det gjeld kven som kan fatte vedtak om kva teneste den einskilde innbyggjar har krav på.

Den siste tida har vist at det å leggje omsorgstenester til private krev gode avtaler og god oppfølging frå kommunane. Ved å organisere tenestene i interkommunale einingar får ein automatisk tilgang til eigarstyringselementa i lovverket. Dette kan leggje betre til rette for god oppfølging og kontroll.

Eg vil påstå at lovverket i dag har eit godt tilbod av interkommunale modellar som kommunane kan velja mellom, og det skal vere opp til kommunane sjølve og velje den organiseringa dei sjølv meiner høver best. Regjeringa har i tillegg hatt eit forslag på høyring om å lovfeste ein ny modell for interkommunalt samarbeid; samkommunemodellen.

Når det gjeld offentleg innsyn i dei interkommunale selskapa, vil eg gjere merksam på at offentleglova vil sikre offentleg innsyn i interkommunale selskap som driv helse- og omsorgstenester.