Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1232 (2010-2011)
Innlevert: 12.04.2011
Sendt: 13.04.2011
Besvart: 27.04.2011 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden vurdere å innføre "kommuneveg-milliard" eller andre verkemidlar for å setja kommunane i stand til å auke satsinga på vedlikehald og investeringar i det kommunale vegnettet?

Begrunnelse

Det har vært mykje fokus på vegvedlikehald i det siste og situasjonen er ganske lik på alle typar vegnett. Man gløymer ofte dei minste vegane som har status som kommunevegar og som kanskje ikkje betyr så mykje i det store bildet, men for dei bygdene og øyane som til dagen brukar dette vegnettet betyr standarden mykje. KS utarbeida i 2009 ein rapport som viste at det var om lag 43 000 km med kommunevegar i landet. Kommunepolitikkarane frå stort sett alle parti melder frå om for lite midlar for å løyse lovpålagte oppgåver som har største prioritert. Og då me at vedlikehald på kommunalt vegnett vert ofte nedprioritert når "krubba er tom". KS sin rapport frå 2009 melde frå om behov for mellom 12 og 24 milliardar for å ta igjen vedlikehaldsetterslepet, så det trengs ein opptrapping av verkemidlar og midlar. Dette er truleg blitt større no. Stortinget stimulerer kommunane til å investere i omsorgsbustader / sjukeheimar gjennom
investeringstilskott og det har og vore stimuleringsordningar for skule og kyrkjebygg. Men vegane har ennå ikkje hatt ein eigen ordning for å få fart på vedlikehald og investering. Det er på tide å vurdere ein "kommuneveg milliard" eller anna form for investeringstilskott / ordning for kommunane i samband med kommuneproposisjonen eller revidert nasjonalbudsjett. Statsråden vert oppfordra å sjå på det.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Kommunane har ansvaret for investeringar og vedlikehald på det kommunale vegnettet. Godt vedlikehald er lønnsamt over tid og det er eit kommunalt ansvar å sørgja for at dette blir ivaretatt i dei årlege budsjetta. Vedlikehald må primært finansierast ved bruk av kommunane sine frie inntekter.