Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:1273 (2010-2011)
Innlevert: 14.04.2011
Sendt: 15.04.2011
Besvart: 26.04.2011 av fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Eit element som selskapet Stad Skipstunnel hadde med i starten var ein parallell vegtunnel med tverrslag til skipstunnelen for kvar 200 m. Dette for å auke sikkerheita ved kollisjon eller havari i tunnelen ved at det var rømingsvegar for kvar 200 m, samt meir effektiv bygging av tunnelen.
Når det no ser ut til at det vil ta tid før det vert oppstart og bygging av tunnelen, vil statsråden vurdere om det bør takast inn i planen for tunnelen bygging av ein side- og sikkerheitstunnel, som også kan nyttast til vegtunnel?

Begrunnelse

Stad skipstunnel har gjennom 25 år vore gjenstand for ei rekke utredningar. Dei viktigast faktorane har vore miljø, sikkerheit, kostnad og nytte.
Gjennom prosessen har prosjektet endra seg. Største endringa er at tverrsnittet har auka frå 540 m2 i 1989 til stort tverrsnitt på 1624 m2.
Fartøystørrelsen som kan passere er dermed gått opp til standard størrelse på dei nye hurtigrutene.
Eit element som selskapet Stad Skipstunnel hadde med frå starten var ein parallell vegtunnel med tverrslag til skipstunnelen for kvar 200 m.
Det er fleire årsaker til at selskapet meinte at ein slik tunnel var riktig å bygge:

- Auka sikkerheit ved kollisjon eller havari i tunnelen ved at det var rømingsvegar for kvar 200 m.
- Meir effektiv bygging av tunnelen ved at entreprenøren fekk ei rekke angrepspunkter.
- Effektiv uttransport av masser frå tunnelen.
- Redningstunnelen vil erstatte 2 vegar som i dag binder Nordfjord og Sunnmøre saman (Selje og Vanylven). Desse vegane har sterk stigning og dårleg horisontalkurver og er eit hinder for effektiv vegtransport over Mannseidet. Framtidig vedlikehald av vegar vil verte redusert. Statens vegvesen hadde tidleg på 1990-talet ein slik tunnel som eit alternativ for ytre Stamvegtrase.

Ved å bygge vegtunnelen først vil utbyggar og entreprenør få detaljkunnskap om fjellkvalitetar. Planlegging av skipstunnelen kan då justerast i.h.t. til denne kunnskapen.
Selskapet hadde i si tid ut 2 anbod, eit alternativ for kun bygging av skipstunnelen, og eit anbod med skipstunnelen samt bygging av sidetunnelen/sikkerheitstunnelen. Etter å ha motteke bindande anbod på desse to alternativa, viste det seg at alternativet med sidetunnel/sikkerheitstunnel ikkje vart noko særleg dyrare enn berre å bygge sjølve skipstunnelen. Dette grunngav dei som gav inn anboda at årsaka til dette var mykje større effektiv bygging, ved at entreprenørane kunne foreta uttransport av massane på fleire plassar.

Lisbeth Berg-Hansen (A)

Svar

Lisbeth Berg-Hansen: Det er gjort greie for arbeidet med utgreiing av Stad skipstunnel i St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019. Det er òg gjort greie for arbeidet med utgreiingane i dei årlege budsjettproposisjonane for Fiskeri- og kystdepartementet.
På bakgrunn av innspel frå fylkesordførarane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal blei det i 2007 satt i gang nye utgreiingar av Stad skipstunnel, med tanke på størrelse og nytteverdi av ein skipstunnel.
Eit av utgreiingsalternativa er tunneldimensjonar slik at hurtigrutefartøyet ”MS Midnatsol” og andre fartøy i same storleik kan passere gjennom. Utgreiinga av Stad skipstunnel er av eit slik omfang at prosjektet må gjennom ei ekstern kvalitetssikring, i tråd med retningsliner frå Finansdepartementet.
Kvalitetssikringa skal godtgjere at utgreiingsarbeidet som allereie er gjennomført fyller dei kvalitetskrava som blir stilte til alle prosjekt av ein viss storleik. Det gjeld mellom anna krav til dokumentasjon av behov og nytteverdi. Dersom vi skal utgreie eit alternativ der ein skipstunnel blir kombinert med ein vegtunnel, må òg dette alternativet gjennom ei ekstern kvalitetssikring.
Eg har ikkje lagt opp til fleire utgreiingar no, men har lagt til grunn dei utgreiingsalternativa som det har vorte einigheit om gjennom Nasjonal transportplan 2010-2019.
I Nasjonal transportplan 2010-2019 er det vist til at regjeringa vil ta stilling til prosjektet og vidare planlegging med utgangspunkt i konklusjonane frå den nemnte kvalitetssikringa. Arbeidet med kvalitetssikringa (KS1) er noko forseinka, men det er lagt opp til at dette skal bli ferdig i 2011. Dette betyr at arbeidet framleis er i rute i tråd med tidsplan skissert i Nasjonal transportplan 2010-2019.
Prosjektet vil bli vurdert for eventuell oppstart mot slutten av planperioden. Ein føresetnad for oppstart er at prosjektet har samfunnsmessig nytte, og at regjeringa går inn for prosjektet. Regjeringa vil på eigna måte komme tilbake til Stortinget med ei samla vurdering av saka, når kvalitetssikringa (KS1) er ferdigstilt.