Skriftlig spørsmål fra Jon Georg Dale (FrP) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:1529 (2010-2011)
Innlevert: 30.05.2011
Sendt: 31.05.2011
Besvart: 06.06.2011 av forsknings- og høyere utdanningsminister Tora Aasland

Jon Georg Dale (FrP)

Spørsmål

Jon Georg Dale (FrP): Kan statsråden garantere at det ikkje vert føretatt endringar i fagskulane si sertifikatgjevande utdanning utan at dette er føreteke etter grundige prosessar i stortinget?

Begrunnelse

Aasen utvalet foreslår som eit av fleire tiltak å endre dei maritime fagskulane si muligheit til å tilby lik sertifikatutdanning med det høgskulane tilbyr. Dette vil truleg rasere dagens fagskuletilbod, og kan ikkje skje utan at stortinget har gjort grundige vurderingar av konsekvensane noko slikt vil medføre.

Tora Aasland (SV)

Svar

Tora Aasland: Det er fleire aktørar involvert i utviklinga av maritim fagskoleutdanning.

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) godkjenner all fagskoleutdanning i Noreg, og det er berre tilbod som er godkjende av NOKUT, som kan kallas fagskoleutdanning. Eitt av vilkåra for godkjenning er at tilbodet må vere ei sjølvstendig, yrkesretta og avsluttande utdanning som gir kompetanse som kan tas i bruk i arbeidslivet utan ytterlegare opplæring. Maritim fagskoleutdanning er ei slik utdanning. For at ein maritim fagskoleutdanning skal kunne få NOKUT-godkjenning, må krava frå Sjøfartsdirektoratet og STCW-konvensjonen vere oppfylde, og NOKUT har alltid eitt medlem frå Sjøfartsdirektoratet og eitt medlem frå næringa i sakkunnige komitear som vurderar maritim fagskoleutdanning.

Sjøfartsdirektoratet som er eit forvaltningsorgan underlagt Nærings- og handelsdepartementet, har ansvaret for å utstede sertifikata.

I tillegg har Stortinget gitt fylkeskommunane ansvaret for å sørgje for at det gis godkjend fagskoleutdanning som tek omsyn til lokalt, regionalt og nasjonalt kompetansebehov innafor prioriterte samfunnsområde, jf. lov om fagskoleutdanning § 1a.

Som ein av tre ansvarlege statsrådar for maritim fagskoleutdanning kan ikkje eg på eiga hand garantere at det ikkje vert føretatt endringar i fagskolane si sertifikatgjevande utdanning. Både endringar i STCW-konvensjonen og vedtak frå fylkeskommunane eller ved fagskolane kan påverke utviklinga av maritim fagskoleutdanning.

Eg har ikkje planar om å gå inn og regulere sertifikatutdanningane ved fagskolane og eg vil bidra til at dei gode prosessane som har komme i stand på bakgrunn av Aasen-utvalet sine tilrådingar, vil fortsette. Eg har god dialog med dei andre statsrådane og gode dialogar med både institusjonane som gir maritim profesjonsutdanning, næringa og andre relevante aktørar på dette feltet.