Skriftlig spørsmål fra Jon Georg Dale (FrP) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:1584 (2010-2011)
Innlevert: 07.06.2011
Sendt: 08.06.2011
Besvart: 15.06.2011 av forsknings- og høyere utdanningsminister Tora Aasland

Jon Georg Dale (FrP)

Spørsmål

Jon Georg Dale (FrP): Kan statsråden garantere at det ikkje vert laga nasjonale føringar som medfører endringar i sertifikatordninga på fagskulenivået?

Begrunnelse

I sitt svar til mitt spm. nr. 1529 er statsråden særs uklar om korleis ho vil handtere sertifikat ordningane for dei maritime fagskulane. Slik underteikna forstår svaret vil statsråden følgje opp Aasen-utvalet si innstilling på dette området, noko som i praksis betyr å endre den sertifikatgjevande utdanninga på fagskulenivå. Det store fleirtalet av nyutdanna sjøfolk kjem i dag gjennom fagskuleløpet. FrP fryktar at endringar i sertifikatordninga vil svekke fagskulane betrakteleg og dette vil i neste omgang ramme næringslivet direkte.

Tora Aasland (SV)

Svar

Tora Aasland: Det er fylkeskommunane som er ansvarleg for fagskulane. Slik eg ser det, ligg det generelt ikkje til meg å gje nasjonale føringar for utdanning på fagskulenivået utover dei føringane som allereie ligg i fagskuleloven. Eg har ikkje planar om å innføre rammeplanar eller andre nye tiltak som legg føringar på kva slags maritime utdanningar fagskulane kan gje.

I mitt brev til Stortinget av 6. juni 2011 med svar på spørsmål til skriftleg svar nr. 1529, forsøkte eg å vise at det er mange aktørar som er involverte i utviklinga av maritim fagskuleutdanning. Internasjonale krav gjennom STCW-konvensjonen, Sjøfartsdirektoratet, arbeidslivets forventningar slik dei vert speila i NOKUTs krav, samt vedtak i fylkeskommunane og fagskulane kan alle gje endringar i maritim utdanning som også kan føre med seg endringar i sertifikatordninga på fagskulenivået. Dette er aktørar som eg ikkje rår over og eg kan derfor ikkje gje slike garantiar som representanten ber om.