Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til justisministeren

Dokument nr. 15:1613 (2010-2011)
Innlevert: 10.06.2011
Sendt: 14.06.2011
Besvart: 20.06.2011 av justisminister Knut Storberget

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Sogn og Fjordane er eit av dei fylka i landet som har lågast politidekning. Tal frå Politimeisteren i Sogn og Fjordane viser at politidekninga er på 1.1 politiårsverk per 1000 innbyggarar. I Politi 2020 blir det vist til at politidekninga bør hevast til 2.0. Politimeisteren i Sogn og Fjordane ønskjer å heve politidekninga til 1.5, og for å kome opp på det talet trengst det 40 nye stillingar.
Kva konkret vil statsråden gjere for å auke politidekninga i Sogn og Fjordane og når vil målsettinga om 1.5 bli nådd?

Begrunnelse

Sogn og Fjordane er eit fylke med store avstandar, fjordar og fjell. Det er også eit fylke som kallar seg trivselsfylket med god grunn. Folketalet i fylket er relativt stabilt.
Ein av grunnane til at Sogn og Fjordane kallar seg trivselsfylket er at det er låg kriminalitet. Politi og lensmannsetaten har sin del av æra for dette. Dei driv aktivt førebyggande arbeid i lag med kommunane i fylket, og dei deler kunnskap og erfaring med kommunale tenester og frivillige organisasjonar. Politimeisteren og hans medarbeidarar rundt om i fylket ønskjer å prioritere dette arbeidet høgt, og det er viktig for å halde på dei gode tala når det gjeld kriminalitet.
Dessverre ser vi at også vårt fylke vil få utfordringar med aukande kriminalitet. Dette kan vi ikkje akseptere. Derfor er det heilt avgjerande at Sogn og Fjordane får sin del av den auken i politistillingar som Politi 2020 legg til grunn, og som det er brei tilslutning til.
Politimeisteren i Sogn og Fjordane har eit rettkome krav om å få 40 nye stillingar for å kome opp i ei politidekning på 1.5, og det er viktig å få ei klår tilbakemelding frå justisministeren om nå og korleis det skal skje.

Knut Storberget (A)

Svar

Knut Storberget: Det har vore ei stor auke i talet på årsverk i politi og påtalemakta dei siste åra. Tall frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD)frå Statens sentrale tenestemannsregister, viser ei auke på 1 915 årsverk frå 1. mars 2005 til 1. oktober 2010. I tillegg fører ein time utvida arbeidstid i veka for om lag 9 000 tilsette til auka arbeid tilsvarande om lag 230 årsverk. Det er såleis relativt store auker i bemanninga som vi no ser. Opptaket av studentar til Politihøgskolen har auka vesentleg dei siste åra, og er no på eit rekordhøgt nivå på 720 studentar både for 2010 og 2011. Det ligg såleis til rette for at bemanninga kan aukast framover også. For regjeringa er det eit mål å auke politidekninga til to politiårsverk pr. 1000 innbyggar innan år 2020. Målet om to politiårsverk pr. 1000 innbyggar er eit landsgjennomsnitt. Det er eit langsiktig mål og vi er allereie godt i gang. Politidekninga på landsbasis er ei utfordring vi har overteke frå tidlegare regjeringar. I og med at det tek tre år å utdanne politifolk, vil det dessverre framleis ta noko tid før målet om to politiårsverk pr. 1000 innbyggar er nådd. Regjeringa arbeider kontinuerleg for å skaffe politi- og lensmannsetaten meir ressursar, fleire folk og betre rammevilkår både på kort og lang sikt. Den gode politiinnsatsen som vert gjort, mellom anna i Sogn og Fjordane politidistrikt, må halda fram.
Politi og påtalemakta har vidare hatt ei stor auke i budsjetta frå 2005 til 2011. I 2005 var det salderte budsjettet på 8,223 milliardar kroner, medan det i 2011 er på 12,163 milliardar kroner. Dette er ei auke på 3,94 milliardar kroner. Sogn og Fjordane politidistrikt har auka sitt budsjett med 36,5 mill. kr (frå 105,6 mill. kr til 142,1 mill. kr) frå 2005 til 2011. Talet på årsverk for politidistriktet har auka frå 177 pr. 01.10.2005 til 190 pr. 01.10.2010 (kjelde FAD).
Det overordna prinsippet for styring av politi- og lensmannsetaten er rammestyring. Budsjettramma og politimeisteren sine prioriteringar, vert såleis avgjerande for bemanninga og politidekninga lokalt. Politimeisteren i Sogn og Fjordane sine prioriteringar vil vera bestemmande for når hans mål om politidekning på 1,5 politiårsverk pr. 1000 innbyggar vil bli innfridd.