Skriftlig spørsmål fra Oskar J. Grimstad (FrP) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:1675 (2010-2011)
Innlevert: 17.06.2011
Sendt: 17.06.2011
Besvart: 24.06.2011 av fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen

Oskar J. Grimstad (FrP)

Spørsmål

Oskar J. Grimstad (FrP): Kva vil statsråden gjere for å forhindre at denne type næringsfientlige tolkningar får fotfeste i forvaltningsverket?

Begrunnelse

I avisen Fiskeribladet Fiskaren kunne vi onsdag 15/6 lese at Mattilsynet lager byråkratiske og firkanta problemstillingar for dei som ønsker å lage sjøltilvirket tørrfisk. Fiskere vurderer å måtte gi seg på grunn av firkanta regeltolkning hos Mattilsynet. En skulle tro at en godkjent fiskehjell er en godkjent fiskehjell og ikke om en eller flere aktører bruker den som verktøy for å fremstille et godt produkt som har lange tradisjoner langs kysten.
Under dekke av EU regelverk om internkontroller vedr fareanalyse og risikovurdering velger Mattilsynet en tolkning som kan få dramatiske og negative konsekvenser for antallet sjøltilvirkere fremover. I kampen om å være den beste i klassen til å inkorporere EU bestemmelser og regelverk så bidrar også myndighetenes tolkningen av desse til at en forhindrer god og tradisjonsretta næringsaktivitet langs kysten på en svært uheldig måte.

Lisbeth Berg-Hansen (A)

Svar

Lisbeth Berg-Hansen: Mottakssituasjonen i fiskerinæringa dei siste åra har ført til at omfanget av sjølvproduksjon har vakse og omfattar no også større og meir profesjonelle aktørar.
I 2005 innførte Mattilsynet ei frivillig meldeordning for å få betre oversikt over omfanget av sjølvtilverking. Det blir stilt hygienekrav til all matproduksjon som skal til humant konsum.
Med bakgrunn i utviklinga i produksjonen og implementeringa av EU sin hygienepakke bestemte Mattilsynet i år å starte tilsyn med sjølvprodusentar av tørrfisk med tanke på å få desse inn i ein godkjenningsprosess. Mattilsynet sine regionkontor i Troms/Finnmark og Nordland sende i veke 10 ut eit skriv til alle som er registrerte som sjølvtilverkarar av tørrfisk hos Råfisklaget. Mattilsynet informerer i skrivet om at hygieneregelverket stiller krav til alle som produserer fiskevarer, at det må søkjast om godkjenning for slik produksjon og at slike søknader er gebyrpliktige.
Råfisklaget har i sitt rundskriv av 22. desember 2010 til fiskarar og registrerte kjøparar informert om kva krav dei stiller til landingsopplysningar, innrapportering av kvanta, registrering av sjølvprodusentar hos Norges Råfisklag og reaksjon ved brot på reglane.
Råfisklaget har også sendt ut ei enkel fagleg rettleiing til sjølvprodusentane til bruk i produksjonen.
Eg har fått opplyst frå Mattilsynet at alle som driv med sjølvtilverking av tørrfisk må rette seg etter følgjande rammer:

- Dei må fylle ut eit skjema og sende det inn til Mattilsynet. For dei som ikkje har høve til å gjere dette elektronisk, kan Mattilsynet sine distriktskontor hjelpe til med å skaffe papirkopiar.
- Dei kan halde fram med å henge fisk medan dei ventar på inspeksjon.
- Tørrfisken må på same måte som annan matproduksjon oppfylle hygienepakken sine krav til hygienisk produksjon.

Når det gjeld den konkrete saka omtalt i Fiskeribladet Fiskaren så har Mattilsynet konkludert med at dei to aktuelle aktørane ikkje kan henge fisk på same hjell utan å vere godkjente. Så lenge dei ønskjer å stå som sjølvstendige verksemder kvar for seg må dei sende inn kvar sin søknad, og merke på kva side dei henger fisken. Årsaka til dette er at Mattilsynet må ha eintydige rettsobjekt å halde seg til. To aktørar kan dele hjell, men dei må merke tydeleg kven som eig kva, slik at det er klart kven som er ansvarleg for å sikre helsemessig trygg matproduksjon. For å sikre at produksjonen er helsemessig trygg og at fisken kan sporast må aktørane beskrive eigen produksjon, og ha ei god forståing av produksjonen.
Tørrfisken frå sjølvprodusentane blir omsett i konkurranse med annan tørrfiskproduksjon. Tørrfisk frå sjølvprodusentane kan derfor ikkje behandlast spesielt når det gjeld krav til hygiene. Når det er sagt så er eg sjølvsagt oppteken av at det ikkje skal leggjast unødige administrative eller økonomiske byrder på næringsaktørane. Mattilsynet, som har ansvaret for mattryggleiken i Noreg, har eit særleg ansvar for å nytte den fleksibiliteten som ligg i regelverket. Eg har tillit til at Mattilsynet både tek vare på mattryggleiken, viser den fleksibiliteten som er nødvendig og svarar på faglege spørsmål frå næringa når det er behov for det.