Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:12 (2011-2012)
Innlevert: 04.10.2011
Sendt: 05.10.2011
Besvart: 10.10.2011 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): I dag er det ikkje lov å parkere på parkeringsplassar merka for handikappa for køyretøy som institusjonar disponerar p.g.a. at slike parkeringsbevis ifølgje byråkratiet skal skrivast ut til personar og ikkje institusjonar. Bilane til rehabiliteringssentra vert i hovudsak bruk til å køyre pasientar til sjukehus, kontrollar og til treningsturar eller andre trengande tilfeller.
Vil statsråden ta initiativet til å endre regleverket slik at også institusjonar og rehabiliteringssenter kan få slike parkeringsbevis?

Begrunnelse

Våre rehabiliteringssentra rundt i landet gjer ein fantastisk jobb for dei pasientane som kjem i ein situasjon der dei treng den opptrening desse sentra kan gje dei.
Då er det eit paradoks at desse sentra ikkje får tildelt parkeringsbevis slik at dei kan parkere sine køyretøy på parkeringsplassar som er merka til handikappa. Eit slikt parkeringsbevis ville kunne gjere arbeidsdagen for tilsette og brukarar ein langt lettare kvardag.
Det er ei kjensgjerning at pasientane ved desse sentra har bruk for å verte køyrd til sjukehus, kontrollar og sosiale treningsturar, til frisør, butikkar og liknande. Då skapar det vanskar med parkering for dei som skal køyre pasientane til slike tenester.
Det er derfor viktig at regelverket vert endra slik at også institusjonar/rehabiliteringssentra kan få tildelt parkeringsbevis slik at dei kan parkere på områder merka for handikappa.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Det er i dag berre personar som kan få parkeringsbevis, jf. forskrift av 15. mars 1994 nr. 222 om parkering for forflytningshemmede. Institusjonar o.l. må difor nytta bevis til passasjer for å kunna parkere på plassar reservert for forflytningshemma.
I samband med ein større gjennomgang av reglane for parkeringsverksemd som Samferdsels- departementet har leidd, har det og blitt vurdert grunn til å innføre eit eige parkeringsbevis for institusjonar. Denne saka er no til avsluttande handsaming i departementet, og eg ventar at forslag vil bli sendt på alminneleg høyring i løpet av hausten.