Jon Georg Dale (FrP): Vil helseministeren ta initiativ for at dei regionale helseforetaka må sjå på det totale rehabiliteringstilbodet også på tvers av føretaksgrenser slik det no er lagt opp til i akutt- og fødetilbod?
Begrunnelse
Statsråden har tidlegare vore utfordra på situasjonen knytt til rehabiliteringstenesta i helse Møre og Romsdal, og då særlig knytt til Mork rehabiliteringssenter. I samband med endringar i funksjonsfordelingar i lokalsjukehusa vart det sendt politiske signal om at ein måtte sjå på tilbodet også på tvers av føretaksgrenser. Dette medførte eksempelvis at det vart etablert samarbeid mellom helse vest og helse midt. Når no rehabiliteringsinstitusjonar er truga av nedlegging ville det etter underteikna si oppfatning vore naturleg at det vert sendt tilsvarande signal til dei regionale helseforetaka. Det er tross alt slik at rehabiliteringsinstitusjonar som Mork dekker tilbodet til mange pasientar i helse vest.