Skriftlig spørsmål fra Jacob Nødseth (H) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:278 (2011-2012)
Innlevert: 17.11.2011
Sendt: 18.11.2011
Besvart: 30.11.2011 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Jacob Nødseth (H)

Spørsmål

Jacob Nødseth (H): Kva trur statsråden er årsaka til den dårlege folketalsutviklinga i Sogn og Fjordane, og kva vil statsråden gjere for å snu denne utviklinga og gjere det meir attraktivt for unge å busette seg i fylket?

Begrunnelse

Sogn og Fjordane er prega av liten folkevekst i høve andre fylke i landet, til dømes nabofylka langs kysten; Møre og Romsdal og Hordaland. Særleg utfordrande er det at talet på unge i Sogn og Fjordane går ned, medan talet på eldre går opp. Sogn og Fjordane si framtid er avhengig av at ungdom vel å bu i fylket anten dei har røter i fylket eller ikkje. Så langt har ein ikkje lukkast godt nok med dette i Sogn og Fjordane. Det er variasjonar mellom kommunane i Sogn og Fjordane, men for fylket som heilskap står ein føre store utfordringar.
Betre kommunikasjonar, større bu- og arbeidsmarknadsregionar, sterkare reell og målretta sentersatsing, tilstrekkeleg tal arbeidsplassar for båe kjønn, og eit meir attraktivt tilbod innan høgare utdanning er mellom dei faktorane mange peikar på som mest vesentlege for å sikre dette.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: President,
Sogn og Fjordane har hatt vekst i folketalet dei fire siste åra. Auken i folketalet skuldast først og fremst innvandringa, som nådde ein førebels topp i 2009 med 1167 personar. Sogn og Fjordane har framleis fødselsoverskot, og det ligg nokså stabilt. Ein aukande del eldre er ikkje unikt for Sogn og Fjordane. Det er ein trend som gjeld heile den vestlege verda. For Sogn og Fjordane er problemet at innanlands innflytting er mindre enn innanlands utflytting. Men det er eit positivt teikn at ubalansen i den innanlandske flyttinga i landet mellom sentrale og lite sentrale strok er mykje mindre enn i 2006, då den var på det høgaste. Eg meiner det mellom anna kjem av ein meir aktiv distrikts- og regionalpolitikk, betre jordbruksoppgjer samt auka satsing på samferdsle under den raud-grøne regjeringa.
Eg er samd i at mange av dei tiltaka som stortingsrepresentant Nødseth peikar på er viktige for å fremme ei positiv regional utvikling. Regjeringa har styrkt fleire av desse i den perioden vi har styrt. Dette har etter mi meining medverka til ein meir positiv regional balanse i utviklinga i folketalet. Regjeringa har til dømes auka løyvingane til samferdsel. Dette vil medverke til regionforstørring i alle delar av landet, også i Sogn og Fjordane. Og vi har halde fram med å løyve midlar til utbygging av breiband i område der marknaden ikkje gjev tilbod. Dette meiner eg er svært viktig i eit fylke der topografien er vanskeleg og marknadene små. For busetting av unge, for etablering av avanserte verksemder og for tilgang til moderne tenester er breiband avgjerande.
Utdanningstilbodet er styrka. Regjerina har sikra både nye bygg og utvida studenttal. Det er viktig for studiefylket Sogn og Fjordane. Ein attraktiv høgskule gjer tilbod både til ungdom frå fylket og mange tilflyttarar frå andre deler av landet. Dei som flyttar ut, gjer det i stor grad i samband med utdanninga si. Etter enda avslutta utdanning etablerer folk seg med familie og jobb. Dermed er det to som skal ha jobb når dei eventuelt skal flytte vidare eller attende. Derfor er tilgangen på kompetansearbeidsplassar viktig. Regjeringa vil vurdere forslaga i Kompetansearbeidsplassutvalet i den neste meldinga til Stortinget om distrikts- og regionalpolitikken . Eitt av poenga her er at utdanningstilboda i alle fylke må vere relevante for den regionale arbeidsmarknaden. For å sikre dette må vi få utvikla endå betre samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar, arbeidslivet og lokale styresmakter. Eit anna poeng er lokalisering av statlege arbeidsplassar. Vi må få lokalisert større deler av den årlege veksten i staten utanfor Oslo.
Vi har også styrkt dei regionale utviklingsmidlane til fylkeskommunane over programkategori 13.50 – midlar til distrikts- og regionalpolitikken. Høvet til å drive regionalt og lokalt utviklingsarbeid har derfor auka, til dømes når det gjeld næringspolitikk lokalt og regionalt, og å utvikle attraktive sentra. Om og korleis sentra skal prioriterast må etter mi meining langt på veg vere eit lokalt og regionalt spørsmål. Dei som bur i eit område må bestemme samfunnsutviklinga lokalt, og viktige verkemiddel for senterutvikling ligg i fylket. Departementet har elles gitt midlar direkte til tiltak retta mot unge i Sogn og Fjordane. Under Bolystprogrammet har departementet støtta fleire prosjekt som når unge, til dømes prosjektet ”Møteplass for fjellsport og ekstremsport” i Sogndal. Der skal dei gjennomføre ulike tiltak for å skape ein stad der fjellsportsinteresserte kan møtast. Auka bulyst, nye arbeidsplassar og auka attraktivitet for området er forventa effektar av satsinga.