Skriftlig spørsmål fra Oskar J. Grimstad (FrP) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:284 (2011-2012)
Innlevert: 18.11.2011
Sendt: 21.11.2011
Besvart: 29.11.2011 av olje- og energiminister Ola Borten Moe

Oskar J. Grimstad (FrP)

Spørsmål

Oskar J. Grimstad (FrP): Har en registrert, og kan man dokumentere reduksjon i behandlingstida, nå etter at NVE har fått forsterka sin stab av saksbehandlarar knytt til søknader om etablering av små, mini og mikrokraftverk?

Begrunnelse

Det har lenge vore knytt sterk kritikk til lang behandlingstid på søknader knytt til etablering av små kraftverk. I den sammanheng har det av tidligare statsrådar blitt vist til at antal saksbehandlarar er kraftig auka og at ein no har betydelig betre kapasitet til å ivareta denne type søknader.
Likevel opplever søkarar at behandlingstida tek mange år. Ikkje minst er dette spørsmålet viktig i forbindelse med innføring av grøn sertifikatordning.

Ola Borten Moe (Sp)

Svar

Ola Borten Moe: Sidan 2003 har det vore ei betydeleg satsing på utbygging av småkraftverk, og sidan 2005 er kapasiteten på sakshandsaminga i NVE dobla. I åra 2008-2010 ga NVE konsesjon til småkraftverk på til saman om lag 2,1 TWh fordelt på 183 konsesjonar. Dei samanliknbare tala for åra 2005-2007 er om lag 1,5 TWh fordelt på 132 konsesjonar. I åra 2002-2004 vart det gitt konsesjon til om lag 0,5 TWh og talet på saker var 53.
Eg meiner på denne bakgrunn det er dokumentert at styrkinga av kapasiteten i NVE har gitt resultat. Det er samtidig slik at handsamingstida i den einskilde sak er blitt noko lengre. Det er særleg to årsaker til dette. For det fyrste har talet på søknader auka vesentleg. NVE har samla motteke meir enn 1000 søknader sidan år 2000. Dette har resultert i at det har bygd seg opp sakar som har blitt liggjande i kø før handsaminga tek til. Dette medverkar til at den gjennomsnittlege handsamingstida er blitt lenger. For det andre er krava til sakshandsaming auka. Vurderingar etter naturmangfaldlova krev til dømes ekstra oppfølging av NVE.
For meg er framdrift i sakene og realisering av fornybar energi viktig. Den store saksmengda med vesentleg tid i kø er derfor ei utfordring som eg har stort merksemd på.