Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:361 (2011-2012)
Innlevert: 29.11.2011
Sendt: 30.11.2011
Besvart: 12.12.2011 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Statens vegvesen har lagt fram Konseptvalutgreiing for strekninga Skei-Ålesund, der dei foreslår å leggje E39 i tunnel under Utvikfjellet, vidare med bru over til Svarstad, og vidare tilkopling til Kvivsvegen.
Vil statsråden sikre at Sogn og Fjordane fylkeskommune får refundert investeringsmidlar som vert nytta på FV60 Olden-Innvik dersom SV-K10 vert vald som konsept for E39 Skei-Ålesund?

Begrunnelse

Statens vegvesen la 22. november fram Konseptvalutgreiinga for strekninga Skei-Ålesund. Her vert det foreslått å leggje E39 i tunnel under Utvikfjellet, vidare med bru over til Svarstad, og vidare tilkopling til Kvivsvegen. Som første steg vert det foreslått å ruste opp dagens fylkesveg 60 Olden-Innvik, samt ny tunnel under Utvikfjellet, som sikrar ferjefri veg. På møtet med fylkespolitikarane 28.11.bekrefta også Prosjektleiar, Kjell Kvåle, at dei planlegg at staten skal overta FV60 Olden-Innvik inntil brua til Svarstad vert realisert ein gong i framtida, og at opprustinga av strekninga ligg inne i kostnadsestimatet.
Sogn og Fjordane fylkeskommune har planlagt å nytte nærare 150 millionar kroner i åra 2012-2013 for å byggje Agjeldtunnelen på strekninga Olden-Innvik. Dette er ei heilt nødvendig utbetring for å gjere vegen, som i dag er definert av yrkessjåførane som "norges verste veg", sikrare og betre med tanke på auka trafikk når Kvivsvegen opnar.
Det knyt seg likevel usikkerhet til om fylkeskommunen skal foreta ei slik investering når dette muliges vert finansiert av Staten om nokre år, og ein har eit sårt behov for investeringsmidlar på andre fylkesvegprosjekt.
For å sikre nødvendig utbetring så raskt som råd er, ber eg derfor statsråden sikrar at Sogn og Fjordane fylkeskommune sine investeringar på Olden-Innvik vert refundert dersom SV-K10 vert vald som konsept for E39 Skei-Ålesund.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Konseptvalutgreiing (KVU) for E39 Skei-Ålesund, KVU E39 Ålesund-Bergsøya og KVU E39 Bergsøya-Valsøya samt eit overbygningsdokumentet som bind dei tre KVUane saman, er no til ekstern kvalitetssikring KS1. Dokumenta er samstundes sende på lokal høyring. Regjeringa vil behandla saka etter at KS1 er gjennomført. Dei tre KVUane og overbygninga, rapport frå KS1 samt høyringsfråsegner vil danna grunnlag for regjeringa si behandling. Eg tar sikte på at regjeringa kan behandla saka medio 2012.

I følgje Statens vegvesen er det i KVU E39 Skei – Ålesund lagt til grunn at det vil vera behov for om lag 300 mill. kr til opprusting av dagens fv 60 mellom Innvik og Olden dersom konsept SV-K10 (eller 9) blir valt for vidare utvikling av E39 på strekninga Skei – Ålesund. Det er då lagt til grunn at det blir løyvd om lag 150 mill. kr til strekninga i 2012 og 2013, som føresett i føreliggjande forslag til fylkesvegbudsjett for 2012. Samla utbetringsbehov er følgjeleg rekna til om lag 450 mill. kr.

Ved ei eventuell framtidig omklassifisering av fv 60 til riksveg må dei ordinære reglane for omklassifisering gjelda. Dette inneber at det ikkje er aktuelt for staten å refundera eventuelle utgifter som fylkeskommunen har hatt til investeringar, drift eller vedlike- hald av den aktuelle strekninga før ei eventuell omklassifisering skjer. På same vis vil det heller ikkje vera aktuelt for staten å krevja at fylkeskommunen skal refundera statlege løyvingar til dei delane av dagens E39 som då eventuelt blir omklassifiserte til fylkesveg.