Bjørn Lødemel (H): Regjeringa kom nyleg med avgjerd i saka om revisjon av konsesjonsvilkåra for Tessareguleringa i Lom og Vågå kommunar etter 20 års handsamingstid. Kommunane er svært skuffa over resultatet, og ordføraren i Lom kallar staten si handsaming av miljøproblema i Tessavatnet for ei skandale. Det er liknande utfordringar i mange kommunar og lokalsamfunn som ventar på avklaring.
Kva vil statsråden gjere for at det vil bli teke større omsyn til miljøproblema ved gamle vasskraftutbyggingar ved revisjon av konsesjonsvilkåra?
Begrunnelse
Mange kommunar har venta lenge på revisjon av konsesjonsvilkåra for vasskraftutbyggingar i sin kommune. Mange lokalmiljø har også sett fram til å få rydda opp i gamle miljøproblem som kraftutbyggingar skapte for meir enn 50 år sidan. Det er mellom 300 og 400 utbyggingar som kan kome til revisjon. Dersom revisjon av Tesseutbygginga skal danne mal for komande revisjonar vil det få store konsekvensar for mange kommunar og lokalmiljø.
Då revisjonen av Tessautbygging vart kjent kom det kraftige reaksjonar frå Lom kommune. Ordføraren frå Senterpartiet kalla staten si handsaming av miljøproblema ved Tessevatnet for ei skandale. I NRK Hedmark og Oppland uttalar han at heile Tessesaka framstår som ei skandale. "Det er trist å måtte vente 20 år på ei avgjerd som fører til framleis store erosjonsskadar. Revisjonen skal betre miljøvilkåra i gamle reguleringar men i denne saka er det kraftbransjen som er vinnar."
Ordføraren i Lom meinar at kraftproduksjon har vore det viktigaste omsynet i handsaminga av revisjonen, og det går også fram av saka.
Når vi veit at det i Norden dei komande åra vil vere eit overskot på 40 TWH kraft må det kunne stillast spørsmål ved om det er kraftproduksjon som skal vegast tyngst i revisjon av konsesjonsvilkåra. Det trengs ei meir balansert veging mellom omsynet til miljø og kraftproduksjon, og det kan oppnåast store miljøgevinstar med små vass-slipp og marginale produksjonstap. Dette har Stortinget gjeve klåre føringar om, men dei blir ikkje følgt opp av regjeringa i Tesse-revisjonen.
Vi veit at dei gamle vasskraftutbyggingane har skapt store miljøproblem mange stadar, og at det er ei klar forventning om at dette blir rydda opp i.
For kraftselskapa og eigarane har desse utbyggingane gjeve betydelege inntekter i meir enn 50 år. Det gjer at kravet frå kommunane og lokalsamfunna om betydelege miljøforbetringar og kompensasjon for ulemper er svært rettkome.
Når vi veit at det er mellom 300 og 400 vasskraftutbyggingar som kan kome til revisjon er det svært viktig at statsråden kjem med ei klargjering av kva som vil ha fokus i komande revisjonar, og veginga av omsynet til miljøopprydding og kraftproduksjon. I tillegg ønskjer ein svar på kva sakshandsamingstid og prosedyrar som skal gjelde.