Skriftlig spørsmål fra Oskar J. Grimstad (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:617 (2011-2012)
Innlevert: 12.01.2012
Sendt: 12.01.2012
Besvart: 20.01.2012 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Oskar J. Grimstad (FrP)

Spørsmål

Oskar J. Grimstad (FrP): Er statsråden innstilt på å legge til rette for denne typen insitament for å oppnå målet om færre og dermed meir robuste kommunar?

Begrunnelse

Debatten om talet på kommunar og størrelsen på desse har gått over lang tid og ulike insitament har vore brukt for å slå saman kommunar. Som eksempel kan nemnast Tustna og Aure kommunar i Møre og Romsdal der statlig bidrag til ei felles bru vart brukt som insitament for å slå saman desse to kommunane.
På søre Sunnmøre er fastlandsamband mellom Hareid og Ålesund (Hafast)eit prosjekt som kommunar og næringsliv i fellesskap har arbeid med i lang tid og kunne være eit prosjekt som med statlig medfinansiering ville kunne realiserast med overkomelige brukarkostnader. Det ville føre til at fire kommunar med omlag 25 000 innbyggarar og eit internasjonalt maritimt næringsliv får fastlandsamband mot regionsenteret og byen Ålesund. Prosjektet vil og bli eit fergeavløysingsprosjekt som i størrelse er blant landets store. Realisering av eit slikt prosjekt ville være svært positivt for kommunar, innbyggarar og næringsliv.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Stortinget vedtok i 1995 at frivilligheit skal liggje til grunn for samanslåing av kommunar, og regjeringa har vidareført dette i Soria Mora I og II-erklæringane.
Denne regjeringa har ingen planar om å innføre eit incentivsystem for å fremme kommunesamanslåingar. Eg meiner at ein sentralt styrt prosess, enten med tvang eller ved hjelp av incentiv (”gulrøter”), ikkje vil fremje god lokalsamfunnsutvikling. Dersom kommunar ønskjer å slå seg saman, må det vere fordi innbyggjarane og lokalpolitikarane sjølve meiner at det vil gje eit betre tilbod og at det blir ei betre kommune å bu i.
Eg ynskjer å leggja til rette for oversiktlege og stabile rammevilkår for kommunar som på frivillig grunnlag ynskjer å slå seg saman. Denne regjeringa har slått fast at staten skal dekkje dei faktiske kostnadene knytt til samanslåing. Tidlegare dekte staten 40-60 prosent. Vi har også aukt lengda på inndelingstilskotet til 20 år, der dei første 15 åra gjer full dekning, med ei nedtrapping dei siste 5 åra slik som i dag.
Eg støttar samanslåingar som har vakse fram etter lokale initiativ og prosessar, som til dømes Mosvik og Inderøy som slo seg saman frå 1. januar 2012.
Norske kommunar har mange utfordringar. Eg meiner at storleik ikkje er ein av dei. Regjeringa ynskjer å ta heile landet i bruk, og at innbyggjarane skal ha ei reell moglegheit til å busetje seg der dei ynskjer. Dagens finmaska kommunestruktur er eit viktig verkemiddel for å oppretthalde dagens busetnadsmønster.