Skriftlig spørsmål fra Susanne Bratli (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:828 (2011-2012)
Innlevert: 14.02.2012
Sendt: 15.02.2012
Besvart: 23.02.2012 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Susanne Bratli (A)

Spørsmål

Susanne Bratli (A): Kva gjer Samferdselsdepartementet, Statens vegvesen og Jernbaneverket for å stimulere utanlandske selskap til å delta i konkurransar om bygging av veg og bane i Noreg, og kan statsråden gje døme på byggjeprosjekt som er eller blir utført av utanlandske selskap?

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Statens vegvesen og Jernbaneverket nyttar store delar av løyvingane til bygging av infrastruktur og til drift og vedlikehald av denne. Det er derfor viktig at det finst ein velfungerande entreprenørmarknad som gir best mogleg konkurranse om oppdraga. Vidare er det viktig at etatane har strategiar som sikrar god konkurranse og effektiv gjennomføring av oppdraga.
Staten vegvesen og Jernbaneverket fylgjer lov og forskrift om offentlege innkjøp som stiller krav om kunngjering av anbodskonkurransar. For konkurransar under 40 mill. kr er det berre krav om nasjonal kunngjering, medan det er krav om utlysing i EØS-marknaden for konkurransar over 40 mill. kr. Tidlegare har interessa frå den utanlandske marknaden vore retta mot dei større oppdraga, og oppdrag av spesiell art. Etatane seier no at dei også merkar større interesse om mindre oppdrag.
For å stimulera interessa frå utanlandske aktørar gjennomfører Jernbaneverket og Statens vegvesen mellom anna informasjonsmøte med entreprenørar. Her blir prosjekta presenterte og det blir mellom anna gitt informasjon om vilkåra for oppdrag i Noreg. I den seinare tid har det vore halde informasjonsmøte for mellom anna E6 Trondheim-Stjørdal, E6 Helgelandspakka og Ferjefri E39 Kristiansand-Trondheim. Vidare blir det gjennom ambassadar og handelskammer arrangert informasjonsmøte, til dømes med det tyske handelskammer i Berlin 14. november 2011 og det svenske eksportrådet i Oslo 23. november 2011. Deltaking på internasjonale messer som Nordic Rail og Innotrans er òg viktige kanalar for å stimulera utanlandske aktørar si interesse for prosjekt i Noreg. Etatane arbeider også med å gjera sentrale dokument tilgjengelege på engelsk.
Etatane opplever at det er aukande interesse frå utanlandske entreprenørar til å delta i anbodskonkurransar i Noreg. Nedanfor fylgjer nokre eksempel på pågåande eller nyleg avslutta prosjekt der utanlandske entreprenørar har fått oppdrag. I tillegg til desse har utanlandske selskap levert tilbod på ei rekkje prosjekt utan å nå opp:

Veg
Alpine Bau GMBHb (Østerrike)
E6 Storsandnes - Alta, Kåfjordbrua, brubygging Skråstagsbru, 109 mill. kr

Bilfinger Berger (Tyskland)
Fv. 609 Dalsfjordbrua - entreprise bru, 102 mill. kr

E Pihl og sønn As (Danmark)
E6 Storsandnes - Alta, 223 mill. kr

MT Højgaard AS (Danmark)
Hardangerbrua, 761 mill. kr

Implenia (Sveits)
Fv. 766 Åsnes bru, 30 mill.

HSM BV (Nederland)
Fv. 609 Dalsfjordbrua, stål- og montasjearbeid, 160,3 mill.

PEAB Sverige AB NUF
E6 Stubberumyra bru - forsterkning bru, 51 mill. kr

KB Electrotech (Danmark)
Hardangerbrua, elektroarbeid, 60 mill. kr

Svevia AB (Sverige)
Driftskontrakt, Mosjøen 2011 – 2016, 164 mill. kr

YIT AS (Finland)
E 18 Sky-Langangen, elektroarbeid

Jernbane

Strukton
KL-anlegg Barkåker – Tønsberg, ferdig i november 2011. Strukton er nederlandsk eigd og Strukton Norge var deira utførande dotterselskap.

Wiebe (Tyskland)
Leverte spor på Barkåker – Tønsberg.

Marti IAV (Sveits/Island)
Snekkestadentreprisen på Holm – Nykirke, 414 mill. kr.

InfraNord (Sverige)
Leverer boring av fundamenter for køyreleidning på Minnesund – Kleverud.

Eg er oppteken av at vi får mest mogleg veg og jernbane for løyvingane. Etatane vil difor halda fram med det viktige arbeidet å stimulera utanlandske selskap til å delta i konkurransar om bygging av veg og jernbane i Noreg.