Bjørn Lødemel (H): Innbyggarane i Eikefjord i Sogn og Fjordane reagerer sterkt på at den nye 420 kW linja vart lagd inn til busetnaden i Eikefjord ved klagehandsaminga i OED. Dei er svært overraska at OED har trossa kommunale vedtak og overprøvd konsesjonshandsaminga frå NVE. Innbyggarane er blant anna uroa over strålingsfaren frå den nye linja, og krev at ein reknar strålingsfaren ut frå full last på linja.
Vil statsråden sørgje for at strålingsfaren blir rekna ut frå full last på linja, og at innbyggarane blir orienterte om resultatet?
Begrunnelse
Statsråden er vel kjend med dei reaksjonane som har kome etter at Olje- og energidepartementet endra traseen gjennom Eikefjord ved klagehandsaminga av konsesjonssøknaden for den nye 420 kW linja mellom Ørskog og Sogndal. Blant anna har ein aksjonskomité i Eikefjord mot trase 1.0 sendt ei klage til kontroll og konstitusjonskomiteen 26.02 2012. Denne er sendt kopi av til OED 28.02.2012. Klagene går på sakshandsamingsfeil, habilitet og manglande vurderingar av strålingsfaren.
Det er svært viktig for innbyggarane i Eikefjord å få svar på desse spørsmåla, og å få ei endeleg avklaring på strålingsfaren, og kva konsekvensar det får for busetnaden i Eikefjord.
Derfor er det naudsynt at statsråden sørgjer for at spørsmåla blir svara på og at ein blir kjende med kva som er strålinga med full last på linja.
Ein vil derfor be statsråden sørgje for at dette blir gjort så snart som råd, og at desse resultata blir gjort kjent for innbyggarane i Eikefjord.