Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1130 (2011-2012)
Innlevert: 27.03.2012
Sendt: 27.03.2012
Besvart: 12.04.2012 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Eg viser til nærmare grunngjeving som årsak for spørsmålet om påstand frå ein underentreprenør frå Aurland om at staten medverkar til konkursar hos fleire underentreprenørar.
Vil statsråden gå grundig inn i påstandane som er grunngjeve under der ein underentreprenør frå Aurland i Sogn og Fjordane påstår at staten har medverka til at fleire underentreprenørar har måtte melde oppbod og stoppa drifta på grunn av likviditetsvanskar fordi at staten held igjen oppgjer til hovedentreprenørar?

Begrunnelse

Ein maskinentreprenør i Aurland har sett seg nøydd til å melde oppbod og stoppa drifta på grunn av likviditetsvanskar. På tidspunktet for oppbodet hadde selskapet uteståande fordringar på omlag 35 millionar kroner, og av dette utgjorde endringsmeldingar og kontraktarbeid til hovedentreprenør omlag 27 millionar kroner. Maskinentreprenørfirma frå Aurland hadde krav om 531 dagar tilleggstid når selskapet meldte oppbod. Ei klår forsering har pågått i prosjektet som dei ikkje oppnådde aksept for hos hovedentreprenør. Dette gjeld arbeid på anbod utlyst av Statens vegvesen på vegutviding mellom Høyanger og Lavik, dvs. Torvund - Teigen.
Entreprenørselskapet frå Aurland oppgir at i alle prosjekter selskapet har hatt med hovedentreprenør har det oppstått endringar og tilleggsarbeid, og selskapet kalkulerte at i ovannemnde prosjekt ville det verte endringar tilsvarande 10 - 15 %. Dette vart diskutert med hovedentreprenøren og det vart på eit byggemøte avtalt ein "back to back" avtale. Dvs. at underentreprenør skulle få oppgjer for endringar og tillegg når hovedentreprenør fekk oppgjer av Statens vegvesen. Alle endringar vart bestilt via byggherremeldingar frå Statens vegvesen og vidare kalkulert mellom underentreprenør saman med hovedentreprenør og innsendt som krav til Statens vegvesen via hovedentreprenør. Det var iflg. underentreprenør einigheit mellom hovedentreprenør og underentreprenør.
Iflg. underentreprenør auka antal endringar våren 2011. Det vart ført totaloversikt over endringar og tilleggsarbeid, men stadig vart endeleg oppsett for kostnadane på endringane utsett. Denne utsettinga skapa ein viss usikkerheit i fht. kor mykje ein utførte i prosjektet i kontrakt og kor mykje som vart utført i endringar/tilleggsarbeid. Det vart utført målingar på det estimerte grunnlag for kvar månad og desse viste endrings- og tilleggsarbeid opp mot 50% enkelte månadar.
Hovedmålsetting for hovedentreprenør var framdrift i prosjektet, mens underentreprenør hadde som målsetting å få ei løysing med betaling av endringsmeldingane slik at selskapets likviditetssituasjon kunne betrast.
Til slutt kom det telefon frå hovedentreprenør om at det ikkje var aktuelt å utbetale nokon av endringsmeldingane som ikkje var godkjent av Statens vegvesen.
Leiar i selskapet frå Aurland har vore i kontakt med fleire firma som har gått konkurs i vegprosjektet som underentreprenørar. Felles for dei som leiar har snakka med er at dei ikkje ønskjer å gå vidare med sine grunnlag for oppbod då dei vil forsøkje å starte ny verksemd innan anleggsarbeid. Leiar i selskapet frå Aurland ønskjer å uttrykke konsekvensen av eit oppbod som kunne vore unngått om underentreprenøren hadde fått oppgjer for dei arbeid dei faktisk har utført, og leiar i selskapet meiner at det må ansjåast som samfunnsfientleg at underentreprenørar må melde oppbod når det er Statens vegvesen som har bestilt arbeidet.
Selskapet frå Aurland sitt oppbod har berørt mange arbeidsplassar og mange familiar, og det har i høgste grad berørt dei som dreiv selskapet.
Leiar i selskapet frå Aurland har uttrykt ønskje om at nokon i "systemet" føretek ein grundig gjennomgang i slike saker som er nemnd ovanfor, og eg ber derfor statsråden syte for at dette vert gjort.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Saka er knytt til prosjektet E39 Torvund – Teigen i Høyanger kommune. Statens vegvesen har kontrakt med Veidekke. Veidekke har sjølv gjennomført tunnelarbeida, medan det meste av arbeidet i dagen er sett bort til underentreprenør.
Når Veidekke vél å bruka underentreprenør, har dei framleis plikt overfor Statens vegvesen til å syta for at arbeida som er avtalte i kontrakten blir gjennomførte, og dei har ansvar for å føra vidare kontraktskrava til underentreprenøren. Den forretningsmessige delen av avtalen mellom entreprenøren og underentreprenøren vil ikkje Statens vegvesen kunna krevja innsyn i. Dette er deira forretningsmessige saker, som òg gjeld korleis dei enkelte arbeida blir gjort opp dei imellom.
Endringar og tilleggskrav undervegs er eit forhold mellom Veidekke som entreprenør og Statens vegvesen som oppdragsgjevar, forankra i kontraktsføresegnene. Statens vegvesen vurderer om krav som entreprenøren fremmar, ligg innafor det som alt er oppgjort. Stundom kan det vera tvist om grunnlaget for slike krav.
Statens vegvesen har ikkje halde tilbake utbetalingar for dette anlegget med mindre dei er knytt til tilleggskrav som er omtvista, og det er ingen uomtvista, uteståande utbetalingar. Det er Veidekke sitt ansvar å betala underentreprenørane sine etter avtalen dei imellom, uavhengig av utbetalingar frå Statens vegvesen. Eg kjem såleis ikkje til gå nærare inn i denne saka.