Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1159 (2011-2012) Innlevert: 29.03.2012 Sendt: 30.03.2012 Besvart: 12.04.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell
Per Roar Bredvold (FrP): Sverige vurderer å sette ut ulv i grensetraktene mot Norge. Dette vil kunne få katastrofale følger både for norsk fauna og næringsmessig for dem som driver med bufe og jakt m.m. Hva vil statsråden gjøre for å stoppe denne planlagte utsettingen av ulv?
Bård Vegar Solhjell: Norske og Svenske myndigheiter er einige om at det er viktig med tiltak for å betre den genetiske situasjonen for ulv i våre områder. Dette inneber mellom anna at ein så langt det er mogleg skal ta vare på genetisk verdifulle ulvar i Skandinavia, og det arbeidast med å etablere felles retningslinjer for forvaltninga av slike individ. EU-kommisjonen har, med bakgrunn i EUs habitatdirektiv, pålagt svenske myndigheiter å betre den genetiske samansetninga for ulv. Svenske myndigheiter diskuterer fleire løysingar på dette. Eit av tiltaka dei vurderer er utsetjingar av valpar født i dyreparkar. Dette er eit tiltak som vi frå norsk side har vore skeptiske til. Det er element i dette, slik som mogleg endring i folks oppfatning av ulven som eit villmarksdyr, som gjer at eg primært ønskjer å finne andre løysingar for å sikre ulvens overleving i Skandinavia.Norske myndigheiter har i samtaler med svenske myndigheiter uttrykt denne skepsisen, og eit ønskje om at ein så langt det er mogleg prioriterer andre tiltak for å betre den genetiske situasjonen for ulv, før utsetting av dyreparksvalpar vurderast. Det er svenske myndigheiter sjølv som til sist avgjer om utsetjingane skal gjennomførast. Eg vil leggje stor vekt på å vidareføre den gode dialogen med Sverige om rovvilt og deira arbeid med å betre den genetiske samansetninga for ulv.