Trine Skei Grande (V): Kva blir gjort for å sikra at kandidatar som tar medisinutdanning i EØS-land som ikkje gir autorisasjon også får høve til å vera med i turnusordninga, og vil det vera lovleg å prioritera kandidatar med norsk utdanning framfor kandidatar med utdanning frå andre EØS-land i ein overgangsperiode?
Begrunnelse
Helse- og omsorgsdepartementet har nyleg kome med forslag til ny turnusordning som skal gå i gong allereie frå februar 2013. Det er i dag mange norske studentar som tar medisinutdanning i andre EØS-land. Ikkje alle desse landa gir autorisasjon etter fullført medisinutdanning. Det kan by på store utfordringar for denne studentgruppa om ein går over til å gi autorisasjon for den norske legeutdanninga. Det er mykje som er uavklart sjølv om den nye turnusordninga etter planen skal gå i gong allereie i februar 2013. Det er mykje usikkerheit blant norske studentar som studerer medisin i EØS-land som ikkje gir autorisasjon. Det er viktig at denne gruppa får klare svar på om dei vil få vera med i den nye turnusordninga, om det vil vera på lik linje med norske kandidatar og kva ein eventuelt ser for seg at desse kandidatane skal gjera om dei ikkje blir omfatta av ordninga eller blir nedprioritert til fordel for dei med norsk utdanning.