Skriftlig spørsmål fra Gunnar Gundersen (H) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:1194 (2011-2012)
Innlevert: 10.04.2012
Sendt: 10.04.2012
Besvart: 17.04.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Gunnar Gundersen (H)

Spørsmål

Gunnar Gundersen (H): Utvalget som skal evaluere ulvesona er presentert. Det består av 9 medlemmer, hvorav 4 byråkrater. 3 medlemmer er fra Hedmark, men ingen hører til eller har sitt virke innenfor ulvesona i Hedmark, der man har hatt belastningen lengst og tyngst. Sonepolitikken er fundamentert på at et stort flertall skal være uberørt av det som det samme flertall mener andre skal leve med.
Hvilke tanker gjorde statsråden seg om utvalgets representativitet og legitimitet hos de som er mest berørt?

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Eg er einig i at aktørar innafor ulvesona er blant dei det er viktig å inkludere i evalueringsarbeidet som utvalet nå skal gjere. Fleire av medlemmane i utvalet, som til dømes representantar frå rovviltnemndene og Fylkesmenn i ulvesona har god kjennskap til situasjonen, og eg er trygg på at utvalet vil gjere ein god vurdering. I tråd med mandatet utvalet har fått, skal det mellom anna arrangerast ein erfarings- og fagkonferanse der ulike aktørar inviterast til å presentere faglege innlegg og erfaringar som kan være relevant for utvalet. Fylkesmannen i Hedmark er sekretær for utvalet, og eg vil oppfordre interesserte til å ta nærare kontakt med dei for meir informasjon om korleis man best kan leggje fram sine innspel og erfaringar overfor utvalet.

Endeleg vil eg og gjere oppmerksam på at eventuelle forslag om endring av dagens ulvesone vil krevje endring i rovviltforskrifta. Normalt sendast forslag til slike endringar på alminneleg høyring før noko blir avgjort, og også da vil ulike aktørar få anledning til å fremje sine syn i saka.