Skriftlig spørsmål fra Line Henriette Holten (KrF) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:1247 (2011-2012)
Innlevert: 18.04.2012
Sendt: 19.04.2012
Besvart: 26.04.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Line Henriette Holten (KrF)

Spørsmål

Line Henriette Holten (KrF): Kystleden, som i hovedsak består av offentlige bygg som benyttes til enkelt friluftsliv, faller i dag mellom alle stoler når det gjelder muligheter til tilskudd til vedlikehold og ivaretakelse av bygninger. I hovedsak dreier det som om gamle fyrlykter og forsvarseiendommer. Kystledhyttene faller i dag utenfor alle tilskuddsordninger fra Riksantikvaren, Kulturdepartementet og Miljøverndepartementet.
Hva vil statsråden foreta seg for å sikre ivaretakelse av kystledhyttene?

Begrunnelse

Kystledprosjektet er et samarbeid mellom fire organisasjoner. De har samarbeidet om å utvikle kystledprosjektet siden 1997, da de skrev under på en intensjonsavtale. Organisasjonene er Den Norske Turistforening, Forbundet Kysten, Friluftsrådenes landsforbund og Norsk Fyrhistorisk Forening.
Organisasjonene ønsker å legge forholdene til rette for et enkelt, miljøvennlig friluftsliv i kystsonen som er tilpasset bruken av tradisjonelle ro- og seilbåter. I den sammenheng har de lansert og satt ut i livet ideen om en kystled med enkle overnattingssteder/åreskifter med en avstand av en dags ro eller seiling mellom hver.
Gjennom kystleden formidles kystkultur og informasjon om natur og friluftsliv. Ønsket er å komme fram til en fornuftig bruk av offentlige eiendommer som ikke lenger tjener sitt opprinnelige bruk, som f.eks. fyrene og forsvarets eiendommer.
På landsbasis er det 10 kystleder med 55 overnattingssteder, 58 båter, 430 km kyststier og årlig ca. 20 000 overnattinger.

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Kystleier er ein viktig del av tilrettelegginga for friluftsliv langs kysten, der kystleihyttene er sentrale element. Staten støtter opp under kystleiene på ulike måtar, blant anna med midlar for å sikre areal for å kunne opparbeide kyststiar for allmenta, og ved midlar til sikring (kjøp eller inngåing av servituttavtale) av viktige friluftsområde langs kysten, der fleire av områda har bygningar som brukast i kystleia. Dette kan vere tidlegare fiskebruk, småbruk, naust og andre bygningar på eigedomen. I tillegg har mange fyreigedomar og tidlegare forsvarseigedomar dei seinare åra fått ny bruk som friluftsområde, og fleire av desse har overnattingstilbod som brukast i kystleiene.

I tillegg leiger kommunar og samskipnadar med allmennyttige føremål fleire fyrstasjonar av staten v/Fiskeridepartementet og Kystverket, og som blir brukt i kystleia.

I slike tilfelle er leigeavgifta særs låg eller nær ingen ting, mot at leigetakar held ved like og eventuelt set i stand/oppgraderer eigedomen ved til dømes dugnad.

I dei statleg sikra friluftsområda er det den einskilde kommune, friluftsråd eller annan samskipnad med allmennyttige føremål som har det daglege drifts-, og vedlikehaldsansvaret. Desse betalar ingen avgift til staten for å kunne nytte eigedomane med tilhøyrande anlegg til allment friluftsliv.

Staten har ein støtteordning for tiltak i statleg sikra friluftsområde (kap 1427 post 31), som blant anna omfattar tiltak på kystleihytter og tilrettelegging av kyststigar på område og parsellar som er sikra for friluftsliv. Blant tiltak som kan få støtte, er tiltak på kystleihyttene. I 2012 vart det gitt løyve om 24,5 mill. kroner over statsbudsjettet til denne tilskotsposten.

Statleg eigde bygningar er ikkje omfatta av dei tilskottssordningane som er retta inn mot freda bygningar. Det kan dermed ikkje gjevast løyve om midlar frå desse tilskottsordningane til freda bygningar i statleg eige som vert brukt i kystleia. Freda bygningar i kystleia som ikkje er eigd av staten, kan få midlar til vedlikehald og istandsetting.

I samband med fordeling av spelemidlar kan det gjevast tilskot til fleire anleggskategoriar innanfor friluftsliv, blant anna dagsturhytter, båthus og brygger for padling, roing og segling. Det blir likevel ikkje gjeve tilskott til overnattingshytter langs kysten eller i låglandet elles.

Det er i utgangspunktet ikkje eigne statlege støtteordningar for bygningar i kystleia som ikkje er ein del av statleg sikra friluftsområde eller som blir eigd av staten. I slike tilfelle har kommunen eller annan eigar ansvaret for vedlikehald og forvaltning. Men mange av fylkeskommunane og kommunar har eigne støtteordningar og tilskottsordningar for friluftsliv. Her vil desse bygningane kunne få støtte. I tillegg kan kommunar og samskipnadar søkje om midlar frå kulturminnesektoren til vedlikehald og istandsetting av freda bygningar, jf. over.

Regjeringa har under arbeid ein nasjonal handlingsplan for statleg sikring og tilrettelegging av friluftsområde, herunder viktige ferdselsårer for friluftsliv. Handlingsplanen vil innehalde eit samla oversyn over alle dei statleg sikra friluftsområda. Det vil bli teke ein gjennomgang av korleis områda er tilrettelagt for føremålet, kva for ein funksjon dei har, kor dei ligg (ved sjøen, innlandsvassdrag eller anna) og kva for utfordringar som er knytt til vedlikehald av eigedom og anlegg på dei statleg sikra friluftsområda. I denne samanhengen vil status og behov for bygningar i områda bli vurdert. Handlingsplanen vil òg innehalde strategiar, rammar og tiltak for det vidare arbeidet med statleg sikring og tilrettelegging av friluftsområde og viktige ferdselsårer.

Den framtidige forvaltninga av kystleihytter og bygningar brukt til andre føremål knytt opp mot den statlege sikringa av friluftsområdet, vil inngå som ein del av handlingsplanen. Vurdering av behov knytt til vedlikehald, istandsetting og utvikling av bygningane på desse områda vil vere ein viktig del av arbeidet.