Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:1268 (2011-2012)
Innlevert: 23.04.2012
Sendt: 24.04.2012
Rette vedkommende: Helse- og omsorgsministeren
Besvart: 03.05.2012 av helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Vertskommunetilskot vart utrekna på grunnlag av kostnadane ved sentralinstitusjonen i kommunane i 1980 og 1990. Tilskotet er ikkje regulert for at pensjonspremien er auka mykje i åra etter ansvarsovertakinga. Vertskommunane vil få ekstra pensjonskostnadar i åra framover også i mange år etter at VK-oppgåva er avvikla og tilskot er slutt.
Meiner statsråden at pensjonsforpliktelsane for vertskommunane er rettferdig, og vil statsråden vurdere om ordninga bør gjennomgåast for å få til ei meir rettferdig ordning?

Begrunnelse

Vertskommunetilskotet vart utrekna på grunnlag av kostnadane ved sentralinstitusjonen i 1989 og 1990.
Pensjonspremien var då 6 %. Pensjonspremien i 2011 var 16 %.
Tilskotet er seinare regulert for prisauke, mens lønsauken har vore høgare enn det som vertskommunane har fått regulert.
Det er ikkje regulert for at pensjonspremien er auka mykje i åra etter ansvarsovertakinga.

Anne-Grete Strøm-Erichsen (A)

Svar

Anne-Grete Strøm-Erichsen: Etter HVPU- reforma, som blei gjennomført tidleg på 1990-talet, overtok 33 kommunar ansvaret for ei rekkje bebuarar heimehøyrande i andre kommunar. Føremålet med den øyremerkte tilskotsordninga er å kompensere dei 33 vertskommunane for dei bebuarane som valde å bli buande i institusjonskommunen. Tilskotet for 2012 er på totalt 958 mill. kroner og gjeld 773 bebuarar.

I denne regjeringsperioden har tilskotsordninga for vertskommunane ved fleire høve blitt endra. Mellom anna er det med verknad frå 2011 innført ei skjermingsordning slik at ingen kommunar, når bebuarar fell frå, blir trekt meir enn ein fast sum knytt til talet på innbyggjarar i kommunen.

Stortinget si helse- og omsorgskomité meiner i Innst. 11 S (2009- 2010) at finansieringsordninga for vertskommunane samla sett no står fram som klår og robust. Komitéen peikar likevel på at dei største vertskommunane i landet vil kunne kome til å oppleve store utfordringar knytte til regulering av pensjonane til noverande og tidlegare tilsette. Pensjonskostnadene vil venteleg auke samstundes som vertskommunetilskotet blir redusert som følgje av fråfall av bebuarar. Komitéen peikar på at skjermingsordninga også her vil verke positivt inn, men meiner likevel at departementet bør vere merksam på dette tilhøvet.

Landssamanslutninga av vertskommunar for sentralinstitusjonar i det tidlegare HVPU (LVSH) nemner i eit notat 6. februar 2012 at nokre av kommunane allereie opplever meirkostnadar til pensjonar. Noko blir truleg kompensert ved at nedtrappingsordninga for vertskommunetilskotet er slik at dei kommunane som har høgast fråfall av vertskommunebebuarar, også har høgast avgang av tilsette. LVSH meiner at den framtidige finansieringa til vertskommunane på lengre sikt også må omfatte dei særskilde kostnadane knytt til reguleringspremien for ein del av desse kommunane. I eit enda lengre perspektiv meiner LVSH at ordninga bør reflektere at alle vertskommunar tok eit oppdrag for andre kommunar som utløyser meirkostnadar til pensjonspremie, også etter at siste vertskommunebebuar er falle frå.

Departementet har ved fleire høve diskutert pensjonsutfordringane med LVSH. Denne dialogen vil halde fram. Eventuelle endringar i finansieringsordninga vil bli omtalt i komande budsjettproposisjonar.