Gjermund Hagesæter (FrP): Ifølgje NRK nyheiter, fredag 27/4, vil AP no i større grad nytte øyremerking av midlar til drift av eldreomsorg mellom anna for å få fart på sjukeheimsutbygginga. Kommunalpolitisk talskvinne for AP, Ingalill Olsen, utaler at ho no er villig til å snu i dette spørsmålet fordi ho ikkje er nøgd med tempoet i utbygging av sjukeheimsplassar.
Er kommunalministeren einig i at øyremerking av midlar til drift er nødvendig for å få styrke satsinga på eldreomsorga i kommunane?
Begrunnelse
FrP har i mange år tatt til orde for meir øyremerking av midlar til kommunal eldreomsorg. Dette fordi mange eldre med dagens system ikkje får den omsorga dei treng og har krav på. Øyremerking vil styre pengane til dei områda som ein ønskjer å prioritere høgare. Derfor synes vi at denne nye erkjenninga frå AP svært positiv. Vi håper derfor at dette blir innarbeida i framtidige budsjett frå Regjeringa slik at eldreomsorga i landets kommunar kan få eit løft.