Skriftlig spørsmål fra Filip Rygg (KrF) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:1325 (2011-2012)
Innlevert: 03.05.2012
Sendt: 04.05.2012
Besvart: 10.05.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Filip Rygg (KrF)

Spørsmål

Filip Rygg (KrF): Vil regjeringen vurdere endringer i innsigelsesordningen slik at kommunene møter kun en stat og ikke mange innsigelsesmyndigheter?

Begrunnelse

Innsigelsesordningen skal sikre at overordnede interesser ivaretas tilstrekkelig i den kommunale planleggingen. Ved konflikt mellom ulike statlige myndigheter om viktige spørsmål skal plansaker løftes til sentral avgjørelse. I arbeidet med å sikre nok barnehageplasser, anlegge nye boligområder, transformasjon av bynære områder og i utvikling av nye veier og kollektivløsninger kan ofte viktige overordede interesser være motstridende. For kommunene er det svært mange statlige myndigheter å forholde seg til. En mer samlet stat vil kunne gi store besparelser i tid og det vil trolig oppleves mer ryddig å forholde seg til.

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Etter plan- og bygningslova kan kommunane som hovudregel gjere bindande vedtak i arealplansaker. Ordninga med motsegn er grunnlaget for dette. Av dei 2 000 – 3 000 planane som blir vedtekne årleg, er det berre 40 – 50 planar som vert avgjorde av Miljøverndepartementet. Dei fleste motsegnene vert løyst i regionale planfora, gjennom samråd i planprosessane og i mekling.

Eg har merka meg at det er reist kritikk frå fleire hald mot måten ordninga med motsegn vert praktisert på. Eg er difor innstilt på å greie ut korleis praktiseringa av motsegner i plansaker verkar, og legge til rette for betre samhandling mellom kommunane og statlege fagorgan.

Statlege fagorgan og fylkeskommunane skal målbere ulike statlege og regionale interesser. Til dømes gjeld dette bygging av vegar og jernbane, og å ta vare matjord, naturmangfald og kulturminne. Det er ikkje sikkert at det er rett at fylkesmannen skal ha mynde til å avgjere kva omsyn som skal vege tyngst i ei bestemt plansak. Det er heller ikkje sikkert at ei slik ordning vil spare tid i høve til ordninga i dag, der det er kommunen som veger dei ulike omsyna opp mot kvarandre. Dette er av dei spørsmål det vil vere naturleg å vurdera i ei utgreiing.