Skriftlig spørsmål fra Oskar J. Grimstad (FrP) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:1375 (2011-2012)
Innlevert: 10.05.2012
Sendt: 11.05.2012
Besvart: 22.05.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Oskar J. Grimstad (FrP)

Spørsmål

Oskar J. Grimstad (FrP): Hva vil miljøvernministeren gjøre for å sikre rovdyrforlikets klare målsetting om rovdyrfrie områder i prioritert beiteområder?

Begrunnelse

Stor-Elvdal kommune har søkt om fellingstillatelse på en ulv i kommunen. Dette skjer etter at Statens naturoppsyn (SNO) har funnet flere spor etter ulv på vestsiden av Glomma. Det legges vekt på at disse områder i stor grad består av prioritert beiteområde. Stor-Elvdal kommune viser til rovviltforliket punkt 2.2.19 og søker om felling av ulv vest av Glomma.
Ringsaker beitelag, Rondane Sør Villreinutvalg, Vang og Løten beitelag søker også om felling av ulv. I en samlevurdering blir det avslag på samtlige søknader.

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Som Stortinget har sagt i rovviltforliket skal det ikkje vere rovdyr som representerer eit skadepotensial i prioriterte beiteområde. Alt uttak av rovvilt skal samstundes skje innanfor rammene av naturmangfaldlova og Bernkonvensjonen, noko som blant anna inneber at skadepotensial, rovviltbestandas overleving og mogligheita for å finne andre tilfredsstillande løysingar skal vurderast. Dette inneber at nærvær av rovvilt i eit område ikkje i seg sjølv er eit tilstrekkeleg grunnlag for løyve til uttak, og ein må gjere ein konkret vurdering av den einskilde situasjon.
På generelt grunnlag vil eg vise til at det på denne tida av året er vanleg med streifande ulver i store deler av Skandinavia. Valpane som blei født sist vår har no lagt ut på vandring med mål om å finne seg ein partner og danne revir. Desse ulvane har stor vandringskapasitet, og kan gå over store avstandar på kort tid. Dette har vi gjennom forsking og radiomerka ulvar i dag god kunnskap om, og førre månad var det også ein radiomerka ulv som var innom Nesoddtangen i Oslo, før den vandra austover og inn i Sverige. I fjor vår hadde vi på denne tida av året ein tilsvarande situasjon i Hedmark der ein radiomerka ulv vandra gjennom heile fylket og vidare inn i Sverige i løpet av få dagar. Søknad om felling blei avslått, og ulven gjorde ikkje skade på sau i Hedmark sist sommar.
Ulven er i utgangspunktet ein totalfreda art i Noreg. Etter unntaksbestemmingane i naturmangfaldlova kan uttak tillates for å avverje skade på husdyr og tamrein, så framt uttaket ikkje truer bestandens overleving og formålet ikkje kan nås på annan tilfredsstillande måte. Som nemnt må det gjerast ein konkret vurdering i kvar enkelt situasjon, og i område med sau på sommarbeite vil skadepotensialet kunne variera med årstida og ut i frå om ulven er fast etablert eller på vandring.
Eg er kjent med at Direktoratet for naturforvaltning nyleg har avslått søknad om felling av ulv i mellom anna Stor-Elvdal kommune. Miljøverndepartementet er klageinstans for vedtak fatta av direktoratet, og eg vil vurdera den konkrete saka nærare dersom den blir oversendt departementet for endeleg avgjering.