Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til finansministeren

Dokument nr. 15:1438 (2011-2012)
Innlevert: 23.05.2012
Sendt: 24.05.2012
Besvart: 04.06.2012 av finansminister Sigbjørn Johnsen

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): I ein interpellasjon på Stortinget 8.mai viser finansministeren til at Finansdepartementet arbeider med endringar av dagens avgifter på sjokolade og sukkervarer. Særavgiftsutvalet har anbefalt at dei tre forskjellige særavgiftene på sukkerhaldige produkt blir erstatta av ei generell avgift på sukker i mat og drikkevarer.
Kven arbeider med desse endringane, når vil det evt. bli offentleggjort utkast til ei ny avgift, og arbeider departementet ut frå at denne avgifta skal kome i staden for dagens produktavgift?

Begrunnelse

Skatte- og avgiftspolitikken er ein viktig del av ei bedrift sine økonomiske føresetnader. Det er avgjerande at ein har ein skatte- og avgiftspolitikk som er rettferdig, og som gjer det mogeleg å skape og vidareutvikle bedrifter og næringsliv.
I Sogn og Fjordane er Lerum ei viktig nøkkelbedrift som nyttar bær og frukt som råstoff i sine produkt. Dette er naturlege råvarer som også har ein næringsverdi som til dømes vitaminar og antioksydantar. Lerum hentar mykje i av sitt råstoff frå lokale frukt- og bærprodusentar, og er på den måten ein viktig faktor for lønsemda til desse produsentane.
I 2007 vart det innført ei produktavgift på saft og som råka Lerum hardt. Bedrifta betalar i dag omlag 40 millionar kroner i produktavgift på tross av at alle deira produkt inneheld naturlege frukt- og bærråstoff.
Når det no blir jobba med ei ny generell avgift på sukker i mat og drikkevarer er det viktig at ein også ser på kva slag sunne råvarer som er i produkta i tillegg til sukker.
For bedrifter som Lerum er det også heilt avgjerande at ei ny generell avgift på sukker ikkje kjem på toppen av ei anna avgift som til dømes produktavgifta.
Det vil vere øydeleggande for lønsemda og framtida for bedrifta.
Det arbeidet som no skal gjerast med å forme ei ny generell sukkeravgift er komplisert, og det er avgjerande at alle sider blir grundig vurdert.
Det er derfor viktig at ei bedrift som Lerum også får høve til å kome med innspel i god tid før den nye avgifta tek form.

Sigbjørn Johnsen (A)

Svar

Sigbjørn Johnsen: Arbeidet med ei generell sukkeravgift er omtalt i Prop. 1 LS (2011-2012) Skatter, avgifter og toll på side 101.

Finansdepartementet er ansvarleg fagdepartement for særavgiftene. Arbeidet med å vurdere ei generell sukkeravgift skjer i samråd med Helse- omsorgsdepartementet

Eg kan bekrefte at dersom det er aktuelt å innføre ei generell sukkeravgift vil den komme i staden for produktavgifta.

Dersom det er aktuelt med endringar i avgiftssystemet vil det bli fremja forslag om det i samband med det årlege statsbudsjettet.