Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:1487 (2011-2012)
Innlevert: 31.05.2012
Sendt: 31.05.2012
Rette vedkommende: Olje- og energiministeren
Besvart: 13.06.2012 av olje- og energiminister Ola Borten Moe

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): I Jordalen i Voss kommune har det lenge vore arbeidd med å få trygg veg til den vesle jordbruksbygda. Den einaste realistiske løysinga er å nytte ei planlagd kraftutbygging i kombinasjon med ein ny vegtunnel. Desse planane er no til handsaming hos NVE, men Fylkesmannen i Hordaland har kome med motsegn. Den 14. juni skal det haldast sluttbefaring med høyringspartane.
Kva råd vil statsråden gje for å finne ei løysing som gjer at Holmen kraft får gjennomføre sine planar om kraftutbygging og Jordalen får trygg veg?

Begrunnelse

Saka om rassikring av vegen til Jordalen i Voss kommune har gått fram og tilbake mellom ulike offentlege instansar dei siste åra. Konsesjonssøknaden ligg til handsaming hos NVE, og det har vore høringsfrist fram til 1. april. Den 14.juni skal det vere sluttbefaring og synfaring der høyringspartane skal delta, og det er i samband med denne synfaringa svært viktig å legge til rette for å løyse dei utfordringane som gjenstår.
Det har lenge sett mørkt ut for å få rassikra denne vegen innanfor ordinære løyvingar, men etter at planane om utbygging av Holmen kraft vart lagde fram kom det ny optimisme og framgong i saka. Kombinasjonen av ny tunnel som både gjev rassikker veg og tilgang til ny kraftproduksjon er eit Kinderegg i ordets rette forstand. Inntekter frå kraftproduksjon som kan finansiere rassikring, trygg veg, optimisme og framtidstru for innbyggarane i Jordalen.
For å få til ei slik overordna målsetting er avgjerande at alle offentlege instansar tek ansvaret for å få til ei løysing som kan gjere at desse planane kan realiserast.
På samlinga 14.juni skal ein blant anna drøfte motsegna frå Fylkesmannen i Hordaland som går på endra utsleppspunkt frå vasstunnelen. Fylkesmannen kjem i tillegg med krav om auka minstevassføring frå 100 til 300 liter i sekundet om vinteren på tross av at fagrapportane konkluderer med at 100 liter i sekundet er tilstrekkeleg. Dette er også meir enn vanleg vassføring vinterstid. Begge desse momenta kan gjere at lønsemda i prosjektet blir for dårleg og at kraftverket ikkje blir bygd. Det vil igjen øydelegge for den overordna målsettinga om trygg veg til Jordalen.
I eit brev til Samferdsledepartementet datert 11.03.2009 viser Miljøverndepartementet til at Jordalselvi ikkje vart verna ved Supplering av verneplan for vassdrag som vart verna mot kraftutbygging i 2005. Grunngjevinga var "Jordalselvi representerer en ressurs som kan ha vesentlig betydning for vider bosetning og utvikling av det lille jordbrukssamfunnet i Jordalen". I ein høyringsuttale frå Verdsarvrådet Vestnorsk fjordlandskap datert 3. mai 2012 om konsesjonssøknaden frå Holmen kraft heiter det mellom anna "Verdsarvrådet ser det som særs viktig for noverande og framtidig busetnad/aktivitet at det vert etablert trygg og rassikker veg gjennom heile året til bygda Jordalen. Realistiske sett ser det ut til at ny vegføring i kombinasjon med bygging av vasstunnel er den løysinga som kan realiserast". "Ut frå ei samla vurdering med hovudfokus på at det skal kunne bu folk i Jordalen er etablering av sikkert vegsamband naudsynt."
Jordalen er ei viktig innfartsåre til Verdsarområdet i Nærøyfjorden, og det er ikkje tvil om at Verdsarvstatusen vil bli svekka dersom det ikkje let seg gjere å oppretthalde busetnaden og landbruksdrifta i dette området.
Statsråden har eit stort ansvar for å sjå til at det er samsvar mellom overordna politiske målsettingar og krav frå dei einskilde offentlege instansar når det gjeld miljøspørsmål. Statsråden er derfor den fremste til å kunne gje råd i ei slik sak. Ein set si lit til at statsråden ønskjer å bidra til at offentlege styresmakter, i samarbeid med innbyggarane i Jordalen, finn ei løysing som gjer at Holme kraft kan realisere sine planar og at innbyggarane få trygg og rassikker veg.

Ola Borten Moe (Sp)

Svar

Ola Borten Moe: Jeg har merket meg med interesse den vinn-vinn-situasjon som etableringen av et veianlegg i fjell i forbindelse med en eventuell utbygging av Jordalselva vil kunne bety for sikker veiløsning for befolkningen i Jordalen. Jeg gjør oppmerksom på at det er gitt dispensasjon fra verneforskriften som kan muliggjøre kraftutbyggingen i tilknytning til verdensarvområdet, med tilhørende veianlegg.
Søknaden behandles nå av NYE. Den tillyste befaringen denne uken vil tydeliggjøre og avklare spørsmål som er kommet opp i høringsprosessen. NYE vil etter befaringen utarbeide innstilling til Olje- og energidepartementet.
Nå må konsesjonssaken følge ordinær saksbehandling i forvaltningen. På denne måten vil vi ha det best mulige grunnlaget for å kunne fatte den endelige beslutningen.