Skriftlig spørsmål fra Øyvind Halleraker (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1539 (2011-2012)
Innlevert: 07.06.2012
Sendt: 07.06.2012
Besvart: 20.06.2012 av samferdselsminister Marit Arnstad

Øyvind Halleraker (H)

Spørsmål

Øyvind Halleraker (H): I romjula 2011 vart omlag 1.7 km av fylkesveg 664 mellom Otterdal og Grodås i Sogn og Fjordane vaska vekk under orkanen Dagmar sine herjingar. Statsråden var på synfaring i lag med kommunalministeren, og dei lova statleg støtte for å få på plass ny veg. På tross av fleire purringar, blant anna frå fylkesordføraren i Sogn og Fjordane, er det ennå ikkje kome svar frå statsråden på kva statens sitt bidrag blir.
Når får dei svar, og kor stort blir staten sitt bidrag?

Begrunnelse

For innbyggarane i Otterdal var det ei dramatisk hending då Dagmar tok vegen til bygda i romjula. I dag er det sett opp båtrute for å frakte borna til barnehagen og skulen, og dei vaksne til arbeid. Dette er ein svært krevjande og uhaldbar situasjon, og det hastar med å kome i gong med bygging/utbetring av vegen.
Dei lovnadane som statsrådane kom med under synfaringa var klare på at staten skulle bidra med økonomiske midlar til ny veg.
Sogn og Fjordane fylkesting handsama 17. april (sak 10/12) denne saka, og i vedtaket heiter det blant anna at Sogn og Fjordane fylkeskommune ber Regjeringa, ved Samferdsledepartementet, om statlege ekstraløyvingar til fullverdig rassikring av fv 664 i Otterdal i Hornindal kommune. Dei ber også om å få ei avklaring frå samferdsleministeren innan 1. juni på kva vegløysing staten finansierer på fv 664.
Dette er det framleis ikkje svare på, og det er svært beklageleg for tida går, og det hastar med ei ta ei avgjerd, og starte arbeidet.
Uansett kva løysing som blir vald, oppattbygging slik vegen var, oppattbygging og rassikring eller ny tunnel blir det eit spleiselag. Med dei klare lovnadane om statleg medfinansiering som statsrådane kom med er det både rett og rimeleg at fylkeskommunen får eit konstruktivt svar på sine brev, og at det skjer omgåande.

Marit Arnstad (Sp)

Svar

Marit Arnstad: Det er sendt brev frå Samferdselsdepartementet til fylkesordførar i Sogn og Fjordane, der det blir vist til Prop. 111 S (2011-2012) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringar i statsbudsjettet 2012 og løyvingar frå både Kommunal- og regionaldepartementet og Samferdselsdepartementet i samband med uveret i romjula 2011. Kommunal- og regionaldepartementet har i samsvar med etablert praksis foreslått å auka skjønsmidlane på post 64, som gir ein delvis kompensasjon for ekstraordinære utgifter knytt til øydeleggingar på kommunal og fylkeskommunal infrastruktur, med 145 mill. kroner. Sogn og Fjordane fylkeskommune vil i samband med dette få sin søknad om ekstra tilskot til opprydding av skadane på vegnettet behandla av Kommunal- og regionaldepartementet.
Samferdselsdepartementet har elles løyvd 80 mill. kroner til vedlikehaldstiltak etter skadar på riksvegnettet som følgje av ras og flom i samband med stormane rundt årsskiftet 2011/2012. Sogn og Fjordane mottek 27 mill. kroner til utbetring av riksvegane i fylket.