Skriftlig spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:1543 (2011-2012)
Innlevert: 07.06.2012
Sendt: 08.06.2012
Besvart: 19.06.2012 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Streiken som har ramma norske kommunar er no over. Mange tenester har blitt ramma. Dette gjeld mellom anna barnehagar, SFO og søppelhenting. Noko som igjen betyr at mange ikkje har fått levert dei tenestene dei skulle hatt. Når tenestene ikkje blir levert slik som avtalt må også betaling for desse tenestene reduserast tilsvarande.
Vil statsråden sikre at alle som, på grunn av streiken, ikkje har fått levert dei kommunale tenestene dei skulle, får rekningane tilsvarande redusert?

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Om ein streik fører til at ein barnehage eller ei skulefritidsordning ikkje kan oppfylle krava i regelverket og av den grunn må stenge mellombels, vil det påligge eigar å klarleggje om streiken påverkar foreldrebetalinga. Spørsmålet i seg sjølv er ikkje regulert av barnehagelova eller opplæringslova, men foreldrebetalinga er eit vilkår i kontrakten mellom barnehagen/skulefritidsordninga og foreldra. Den konkrete vurderinga må gjerast på bakgrunn av alminnelege kontraktsrettslege prinsipp. Generelt vil foreldre som ikkje får oppfylt sin del av avtala ut frå alminneleg kontraktsrett, ha krav på ”avslag” i foreldrebetalinga som står i høve til perioden barnehagen eller skulefritidsordninga har vore stengd.

Med omsyn til søppelinnhenting er det eit lovmessig krav at sjølvkost skal vere grunnlaget for avfallsgebyra frå innbyggjarane. Kommunen kan ikkje ta inn meir i gebyr enn kva det kostar å produsere tenesta. For tenester der sjølvkostprinsippet gjeld, vil det i praksis vere slik at inntektene over nokre år (3-5 år) ikkje skal overstige kostnadene for åra samla. Om gebyrinntektene eitt år overstig dei faktiske kostnadene ved å levere tenesta, t.d. som følgje av at streik har ført til lågare lønsutgifter enn opphavleg budsjettert, skal dette bli ført tilbake til innbyggjarane gjennom lågare gebyr i framtida.