Bjørn Lødemel (H): Det har kome fram opplysningar om svært lang handsaminstid for sakshandsaming og rettsprosessar i sakar som handlar om pasientskadeerstatning. Ein del av dette skuldast at saker har blitt anka av NPE, og kapasiteten i rettsvesenet.
Kva gjer statsråden for å redusere belastninga som pasientane opplever ved lang sakshandsamingstid og lange rettsprosessar i saker som handlar om pasientskadeerstatning?
Begrunnelse
Stortinget har vedteke ei eigen erstatningsordning for skadar i helsetenestene for å sikre at pasientar får dekka økonomiske tap som følgje av slike skadar. Handsaminga av krav om erstatning tek imidlertid lang tid i Norsk pasientskadeerstatning. Dette er ei stor belastning, særleg for dei pasientane som har store plager og smerter som følgje av skaden. Dersom NPE gjev avslag, og saka ender opp i retten, kan ein også kome i den situasjon at NPE ankar ei avgjerd i pasienten sin favør. Dette fører til ytterlegare utsetting og belastning for pasienten som har fremja krav. Dette bør NPE også vurdere når dei skal avgjere om ei sak skal ankast.