Bjørn Lødemel (H): Flora kommune godkjende reguleringsplan for 3 hytter ved Endestadvatnet 16. juni 2009. Fylkesmannen la ned motsegn mot planen. Miljøverndepartementet støtta motsegna i vedtak 29. juni 2011. Saka har blitt klaga inn for Sivilombodsmannen, og Sivilombodsmannen ber om at saka blir teken opp på nytt på grunn av feil lovbruk. Departementet har svara administrativt at saka ikkje blir handsama på nytt. Dette er svært uvanleg og kritikkverdig.
Kva vil statsråden gjere for å rette opp dette?
Begrunnelse
Leif Arne Øren og to søskjen fekk utarbeida privat reguleringsplan for 3 hytter mellom riksveg 615 og Endestadvatnet på gbnr.57/1 i Flora kommune. Planen vart utarbeida i samsvar med dei kommunale retningslinjene for Osen-Vestre Hyen område i Flora kommune. Det er ingen naboprotestar mot planen. Plan- og utbyggingsutvalet i Flora kommune har ved fleire høve samrøystes støtta reguleringsplanen, og kommunen vedtok planen 16. juni 2009 samrøystes. På grunn av motsegn frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og merknader frå Direktoratet for Naturforvaltning vart reguleringsplanen sendt til Miljøverndepartementet for endeleg godkjenning. Miljøverndepartementet støtta Fylkesmannen si motsegn, og forkasta planen i vedtak i 29. juni 2011. Miljøverndepartementet sitt vedtak støtta seg blant anna til den nye plandelen i plan- og bygningslova som trådde i kraft 1.juli 2009 sjølv om kommunen godkjende planen 16.juni 2009.
Sivilombodsmannen har kome med sterk kritikk av miljøverndepartementet i brev dagsett 26.03.2012 der det heiter "Jeg er kommet til Miljøverndepartementet ikke hadde rettslig adgang til å anvende plan og bygningsloven 2008 ved behandlingen av planen når den var lagt ut til offentleg ettersyn før loven trådte i kraft. Jeg ber derfor om at departementet behandler sake på nytt." Ein anna stad i brevet slår Sivilombodsmannen fast at "Det beror følgelig på kommunens skjønn om planforslaget skal ferdigbehandles etter gammel lov eller om planforslaget skal forkastes. Om departementet har den samme skjønnsmessige adgang til å velge når kommunen først har vedtatt en plan med innsigelse, er ikke opplagt. Departementet kan vanskelig sees å ha adgang til å velge en tredje fremgangsmåte - å forkaste planforslaget med begrunnelse delvis hentet fra ny lov - slik departementet har gjort i denne saken. Synspunktet departementet fremmer i brevet hit 9. desember 2011 - at "departementet kan behandle sakene etter det lovverk som gjaldt på avgjørelsestidspunktet" uavhengig av kommunestyrets behandling av saken - kan uansett ikke vere riktig når det foreligger så detaljerte overgangsbestemmelser som det gjør her. Slik jeg vurderer det, hadde Miljøverndepartementet ikke rettslig adgang til å behandle planen etter plan og bygningsloven 2008."
Dette er sterk kritikk frå Sivilombodsmannen, og slik kritikk kan ikkje berre leggast til side. Sivilombodsmannen sin konklusjon om at saka må handsamast på nytt må følgjast opp.
Ved ny handsaming av saka er det fleire viktig moment som ikkje har blitt vurdert eller kommentert verken frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane eller frå Miljøverndepartementet tidlegare. Det er gjeve løyve til frådeling og dispensasjon for oppføring av hytte i same vassdraget. Det er også gjeve løyve til oppføring av hytte som vart frådelt i 1963. Hyttetomten ligg heilt i vasskanten, og den vart lyst ut for sal i 2009. I tillegg vart det frådelt ein nausttom på nabobruket som Fylkesmannen har godkjent. Alle desse sakene er handsama etter at plan og bygningslova 2008 trådde i kraft og etter at Øren sin reguleringsplan var forkasta. Argumenta som Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Miljøverndepartementet nytta for å forkaste planen til Øren har ikkje blitt vektlagde på same måte i dei andre sakene. Det er kritikkverdig av miljøvernstyresmaktene med ulik handsaming av elles like saker. Det er også kritikkverdig at miljøstyresmaktene ikkje følgjer opp planverket frå kommunen si side som legg til rette for utvikling i området slik som det er vist til i desse 3 andre sakene. Dette må rettast opp når Miljøverndepartementet handsamar saka på nytt slik som Sivilombodsmannen krev.