Skriftlig spørsmål fra Oskar J. Grimstad (FrP) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:1901 (2011-2012)
Innlevert: 10.09.2012
Sendt: 10.09.2012
Besvart: 17.09.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Oskar J. Grimstad (FrP)

Spørsmål

Oskar J. Grimstad (FrP): Vil miljøvernministeren no gå inn i disse sakene og sørge for at intensjonene i rovdyrforliket blir oppfylt med hensyn til å ta ut rovdyr som representerer et skadepotensial i prioriterte beiteområder?

Begrunnelse

Gjennom beitesesongen i 2012 har det gjentatte ganger blitt registret rovdyr i prioriterte beiteområder og det har avstedkomt søknader om felling. Grunnet lang behandlingstid har rovdyr fått tid og anledning til å gjere stor skade på beitedyr for så å forsvinne ut av området. Kjappere uttakt av skadedyr og lokal forvaltning ville gitt et heilt anna resultat og oppfylt intensjonen i rovdyrforliket. I disse sakene har ministeren vore heilt fråverande og flere meiner nå at et relativt skjørt forlik står i fare dersom teksta og intensjonene ikke blir oppfylt.

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: I tråd med rovviltforliket av 2011 skal det ikkje vere rovdyr som representerar eit skadepotensial i prioriterte beiteområde for husdyr og kalvingsområde for tamrein. Vidare er det ynskjeleg å sikre ei rask og effektiv handtering av spørsmål knytt til forvalting av rovvilt, irekna rask behandling av søknader om skadefellingsløyve i beitesesongen. For alle typar søknader og klager gjelder det at forvaltninga så langt det er mogeleg gjennomfører ei så rask behandling at saka ikkje mister aktualitet.
Bjørn, jerv og ulv er i utgangspunktet totalfreda. Bernkonvensjonen og naturmangfoldlova opnar likevel for at desse artene kan fellast, men der dette er aktuelt skal det fyrst vurderast om det finns annan tilfredsstillande løysning enn felling for å avverje skade. I dette ligg det at forvaltningsmyndigheita må gå konkret inn i kvar enkelt sak og gjere ein heilskapleg vurdering av dei ulike handlingsalternativa, sett opp mot prinsippet om arealdifferensiert forvaltning. Denne praksisen er i tråd med rovdyrforliket. Det er ikkje slik at eit kvart rovdyr som kjem inn i eit prioritert beiteområde skal fellast. Skadepotensialet vil mellom anna variere ut frå årstid og om rovdyret er fast etablert eller på vandring. Dette gjeld til dømes unge ulvar som i løpet av vinteren og våren vandrar ut frå sine fødselsrevir.
Rask saksbehandling ved søknad om skadefelling i beitesesongen er ein føresetnad for å redusere skadenivået i dei prioriterte beiteområda. Eg meiner at dette blir fylgt opp i forvaltninga. Til dømes var gjennomsnittleg sakshandsamingstid for loggførte saker på dette feltet hjå Fylkesmannen i Hedmark i 2011 1 time og 21 minutt. Dersom det vert gjeve fellingsløyve er det vidare viktig å komme raskt i gang med fellingsforsøk for å auke sjansen for å lykkast med felling. Eg er av den oppfatning at dagens forvaltningspraksis på dette feltet er i tråd med rovviltforliket.