Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:2003 (2011-2012)
Innlevert: 25.09.2012
Sendt: 26.09.2012
Besvart: 04.10.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Mineralutvinninga i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane vil vere svært viktig for Sunnfjord og Hafsregionen. Dette gjeld både for industri- og kompetansearbeidsplassar knytta til anlegget, og ringverknadar innanfor industri og service. Prosjektet er ferdig utgreia og operatøren ventar på ei klargjering slik at prosjektet kan kome i gong.
Når tid kan ein venta ei avklaring frå statsråden slik at operatøren kan få svar på om prosjektet kan realiserast, slik at utvinning av rutil i Engebøfjellet kan kome i gong?

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Den planlagde gruveverksemda i Engebøfjellet er ein omfattande og krevjande sak. Miljøverndepartementet skal handsame Fiskeridirektoratet si motsegn til reguleringsplan for Engebøfjellet og søknad om utsleppsløyve etter forurensningsloven.

I samband med høyring av saka har fleire instansar peika på at kunnskapsgrunnlaget knytt til det planlagde sjødeponiet er mangelfullt. Saka er høgt prioritert og eg vil avklare vidare handsaming så snart som mogeleg.