Skriftlig spørsmål fra Ketil Solvik-Olsen (FrP) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:14 (2012-2013)
Innlevert: 02.10.2012
Sendt: 04.10.2012
Besvart: 12.10.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Spørsmål

Ketil Solvik-Olsen (FrP): Klimakvoteloven som ble vedtatt av forrige storting la til grunn at nye punktutslipp for CO2 ikke skulle tildeles vederlagsfrie CO2-kvoter. Daværende miljøvernminister begrunnet dette med at man ikke skulle stimulere til at det ble etablert nye CO2-utslipp på norsk jord.
Hvordan stiller nåværende miljøvernminister seg til dette, og kan statsråden bekrefte om ny industrivirksomhet i Norge vil få tildelt CO2-kvoter på samme grunnlag som allerede etablert virksomhet?

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Regjeringa har som kjent ønska at EU sitt kvotesystem skulle baserast på at det ikkje blei delt ut vederlagsfrie kvotar etter 2012. Samstundes må tildelingsreglane i Noreg vurderast opp mot EU sin politikk på området.

Frå og med 2013, den tredje fasen i EU sitt kvotesystem, er systemet harmonisert når det gjeld tildelingsreglar, både for eksisterande og nye verksemder. Det inneber at kvotepliktige verksemder i Noreg vil ha same tildelingsreglar som kvotepliktige verksemder i eit anna land innanfor kvotesystemet.

Tildelingsreglane for eksisterande og nye verksemder vil ikkje alltid vere samanfallande, men dei vil altså vere dei same i Noreg som i dei andre landa som er med i kvotesystemet. Det som skil tildeling til nye verksemder frå eksisterande er mellom anna at dei eksisterande verksemdene får tildelinga berekna og fastlagd for heile perioden på førehand, medan nye verksemder får tildeling frå ei kvotereserve som inneheld eit avgrensa tal kvotar. Kvotereserven er satt av til dei nye verksemdene, men kan gå tom, og han vart ikkje etterfylt.

Ein annan skilnad som følgjer av dei harmoniserte EU/EØS-reglane, er vidare at eksisterande verksemder får tildeling ut frå sin historiske produksjon, medan nye verksemder får tildeling på grunnlag av ein fastsett faktor for kapasitetsutnyttinga til verksemda, sidan nye verksemder ikkje har historisk produksjon tildelinga kan gjerast på grunnlag av.