Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:171 (2012-2013)
Innlevert: 25.10.2012
Sendt: 26.10.2012
Besvart: 01.11.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Stryn vart opna i 1993 av tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland. Senteret er eit av 17 autoriserte Nasjonalparksenter, og det var det første senteret i landet som vart bygd som eit Nasjonalparksenter. 4 Nasjonalparksenter får i dag doble tilskot frå MD. Senteret i Stryn får ikkje det på tross av at dei oppfyller alle krava i den nye strategiplanen for Naturhus som DN har laga for MD. Dette er svært urettferdig.
Kva vil statsråden gjere for å rette opp dette?

Begrunnelse

I Stortingsmelding 62-1991-92 vart Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Stryn fremja som eit Nasjonalparksenter. Senteret vart bygt i 1992 og opna i 1993 av tidlegare Statsminister Gro Harlem Brundtland.
Jostedalsbreen Nasjonalparksenteret fokuserer på å formidle naturvitskaplege, natur- og kulturhistoriske, kulturelle og opplevingsmessige verdiar, og berekraftig bruk av naturverdiane som ligg til grunn for vern av dei store områda i kommunen.
Senteret har høg kvalitet på utstillingane, tilrettelegging og naturformidling i samsvar med dei retningslinjene som kjem frå miljøvernmyndigheitene. Utstillingane og formidlinga er objektive og fagleg oppdaterte og har som mål å skape interesse og inspirasjon til å lære meir. Senteret har vandreprosjekt og gratis guida turar i nasjonalparken, aktivitetsprogram gjennom året for barnefamiliar, kveldsprogram med naturfaglege tema og konsertar. Senteret har i tillegg til utstillingar og film innandørs eit stort parkanlegg med ville blomar, stein og utstillingar ved rasteplassen utanfor senteret.
Nasjonalparksenteret i Stryn er det einaste senteret som er ope heile året. Det har program og aktivitetar og er gratis for lokalbefolkninga 7 månader i året. Senteret har så langt hatt 55350 gjester i 2012, og det har vore ope 2300 timar. Alt dette er i samsvar med klare målsettingar og krav i det nye strategidokumentet om Naturhus.
På tross av dette får Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Stryn berre eit tilskot i motsetning til andre senter med langt lågare aktivitetsnivå som får dobbelt tilskot.
I den nye strategiplanen om Naturhus som DN har laga for Miljøverndepartementet blir det vist til kva funksjonar, tenester og oppgåver eit Nasjonalparksenter skal ha, kor mange senter som skal prioriterast, korleis dei skal styrast og kva slag kvalifikasjonar ein skal stille krav til. Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er det senteren som best stettar kvalitetskrava i det nye strategidokumentet, derfor er det svært skuffande at senteret ikkje har fått dobbelt tilskot slik som 4 av det andre sentera har fått.
I Statsbudsjettet for 2013 har Miljøverndepartementet lagt klare føringar på at dei sentera som har hatt doble tilskot skal få vidareført dette. Det er svært merkeleg når ein veit at det er laga eit nytt strategidokument som skal ligge til grunn for tildeling av tilskot. Det kan sjå ut som dette er ei tildeling som passar betre for tidlegare kriteria og politiske bindingar enn det som strategidokumentet legg til rette for. Dette er svært uheldig.
Når det er laga eit strategidokument som skal ligge til grunn for tildeling av tilskot er det sjølvsagt at dei kriteria som dokumentet bygger på må følgjast. Med det aktivitetsnivået som er på Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er det klart at dette senteret må ha eit tilskot minst på linje med dei andre sentera som får doble tilskot. Dette må statsråde rett opp.

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Eg synes det er flott at representanten er oppteken av nasjonalparksentra. Det same er eg sjølv. I dag er 15 sentre autorisert for å spreie informasjon om 18 nasjonalparker. 17 parker er i dag ikkje knytt til noe senter. Fire av dei 15 autoriserte nasjonalparksentra i Noreg er autoriserte for å spreie informasjon om to nasjonalparkar. Dei andre, herunder Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, er autoriserte for å informere om ein nasjonalpark. Denne ekstra oppgåva med å informere om fleire parkar har det i mange år vore gjeve dobbelt grunntilskott for.

Eg ynskjer eit føreseieleg system og har difor ikkje fjerna det ekstra tilskotet til dei som allereie har informasjonsansvar for fleire parkar i dag. Dei vil fortsatt få dobbelt grunntilskott. Dersom andre senter i 2013 blir autorisert for meir enn ein nasjonalpark, vil det ikkje vere automatikk i at dei får dobbelt grunntilskot. I statsbudsjettet for 2013 er det og lagt opp til ein ekstra moglegheit for tilskot for informasjon som dei einskilde nasjonalparksentra kan søke om.

Alle autoriserte nasjonalparksentra får grunntilskott i 2013 på kr. 800 OOO~ Dette er en auke på kr 50 000 frå 2012. Denne auka tilfaller også Jostedalsbreen Nasjonalparksenter.

Direktoratet for naturforvaltning sitt forslag til senterstrategien: Naturhus - naturopplevelser og norsk naturarv er til handsaming i Miljøverndepartementet.

For meg er det viktig med ei finansieringsordning for nasjonalparksentra som er føreseieleg, enkel og ubyråkratisk.