Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:198 (2012-2013)
Innlevert: 31.10.2012
Sendt: 31.10.2012
Besvart: 09.11.2012 av samferdselsminister Marit Arnstad

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): I anbodsdokumentet for kortbanenettet frå Samferdsledepartementet er det vist til at det skal vere 4 direkte flyavgangar mellom Sogndal og Oslo. Dette er ikkje gjennomført av Widerøe i dag. Eit samrøystes Fylkesutval i Sogn og Fjordane gjorde følgjande vedtak i sak 62/12. Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane kan ikkje akseptere at Widerøe bryt krava i anbodet til 4 direkte avgangar mellom Sogndal og Oslo.
Kva vil statsråden gjere for at Widerøe skal oppfylle anbodsvilkåra med 4 direkteavgangar mellom Sogndal og Oslo?

Marit Arnstad (Sp)

Svar

Marit Arnstad: Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane gjorde både eit vedtak om å be Widerøe finne andre løysingar som sikrar behovet for eit ettermiddagsfly frå Sandane lufthamn, Anda, og eit vedtak om fire direkte avg. frå Sogndal.
Samferdselsdepartementet har i møter med Widerøe forsøkt å få til ei løysing som ivaretek fire direkteavganger mellom Sogndal og Oslo, og ei fjerde avgang dagleg mellom Sandane og Oslo. Ei slik løysing lar seg, ifølgje Widerøe, ikkje gjennomføre.
Departementet sendte eit brev og bad fylkeskommunen om å gjere ei prioritering mellom dei to alternativa. Svaret frå fylkeskommunen var at det er opp til departementet å gjere ei slik prioritering.
Departementet godkjente så Widerøe sitt ruteprogram etter ei totalvurdering av rutetilbodet. Widerøe har sagt at den tilrådde ruteløysinga er den som gjer størst trafikk for Sogndal/Sandane samla sett, og at korkje Sogndal eller Sandane åleine kan fylle ein slik avgang midt på dagen. I begge retningar vil ruta mellom Oslo og Sogndal uansett ha fleire avgangar enn det er sett krav om.
Widerøe har òg tilbydd å snu rekkjefølgja på anløpa slik at retninga Sogndal-Oslo har fire direkteavgangar, medan Oslo-Sogndal har tre. Departementet har ved godkjenninga av ruteprogrammet bedt Widerøe om å vise omsyn til lokale ønskjer i vurderinga av om rekkjefølgja skal snuast eller ikkje.