Bjørn Lødemel (H): Jämtkraft AB fekk konsesjon for erverv av 33,33 % av aksjane i Troms Kraftforsyning og Energi ved kongeleg resolusjon 7. september 2012. Tromsø kommune er usamde i dei vurderingane som departementet har gjort i konsesjonshandsaminga. Dette gjeld særleg framtidige avgjerder om nye investeringar i selskapet. Dette er ei sak som har nasjonal interesse, og som kan bli mal for andre liknande saker.
Kva kontroll over nyinvesteringar meiner statsråden at Jämtkraft AB har etter aksjonæravtalen mellom partane?
Begrunnelse
Det er stor interesse kring saker som har med eigarskap til vasskraftressursane i Norge. Det er snakk om store verdiar og nasjonale interesser. I denne saka ønskjer Tromsø kommune å halde på eit offentleg eigarskap medan departementet gjennom konsesjonshandsaminga legg til rette for eit sal til ein privat utanlandske eigarar. Dette står i sterk kontrast til det som statsråden sitt eige parti, Senterpartiet, forfektar og som dei viser til i tallause politiske debattar.
Tromsø kommune har som minoritetseigar kjempa mot dette salet fordi det etter deira meining var ei dårleg løysing å selje til ein utanlandsk, privat kraftoperatør, slik som Jämtkraft AB.
Tromsø kommune meiner at aksjonæravtalen mellom Troms Kraft AS og Jämtkraft AB sikrar Jämtkraft AB negativt kontroll over TKE blant anna i saker det skal takast avgjerd i utover vanleg drift. Dette vil gjelde blant anna for nyinvesteringar i kraftproduksjon. I Skibotn har Troms Kraft rekna på at det er kraftressursar som ikkje er utbygde på meir enn 270 Gwh.
Det er viktig å få statsråden sitt syn på om vilkåra i industrikonsesjonslova § 2 om "åpenbart reelt offentleg eigarskap" står seg opp mot den manglande offentlege kontroll over nyinvesteringar som Tromsø kommune meiner blir resultatet av den nye aksjonæravtalen.
Tromsø Kommune ønskjer ei utvida grunngjeving frå departementet på desse spørsmåla, og har formelt bede om møte med departementet for å drøfte dette.
Det er ikkje i tråd med god forvaltning frå departementet si side å avslå å møte kommunen i ei sak som både har regional og nasjonal interesse, og statsråden må gje ei meir omfattande grunngjeving overfor Tromsø kommune slik som dei ber om.
Ein forventar derfor statsråden gjev ei utfyllande grunngjeving for konsesjonen som Jämtkraft AB fekk, og at det blir lagt til rette for eit møte mellom Tromsø kommune og departementet snartast råd.